Ny dyretransportbil til Ole Ringdal AS

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal til venstre og sjåfør Leif Arne Fivelstad ved nyinvesteringa til vel 2.0 mill. kroner.

Kjøttvare og slakteribedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt har investert i ny dyretransportbil. Kjøpet bikka 2.0 mill. kroner.

-Vi investerer i ny bil for vi satsar på bøndene og human inntransport av slaktedyra. Den nye dyretransportbilen er eit topp moderande køyrety med fordeler både for dyra og sjåføren. Bilen har også ei digital vekt der  bøndene vil sjå levandevekta på dyret dei leverer ved påstiging, fortel dagleg leiar ved Ole Ringdal AS, Ole Arnstein Ringdal.

Den nye bilen, ein Volvo med 420 hk dieselmotor og automatgir, kjem i erstatning for ein av eldre dato.

-Å ha tre dyretransportbilar er i meste laget. Til vanleg er to i bruk, men under haustslaktinga ti veker i året er det behov for tre. At vi investerer i ein tredje bil viser at vi satsar på bøndene, seier Ringdal. Bedrifta på Hellesylt hentar slakt frå eit stort distrikt, frå Måløy i sør og vest til Halsa på Nordmøre.

Ved pålessing kan ein registrere levandevekta på dyra, forklarar Leif Arne Fivelstad.

Sjåfør Leif Arne Fivelstad har brukt nyebilen og han likte det han fekk prøve. Den er fantastisk å køyre og utstyrt nesten som ein privatbil, seier han. Ved fullt lass er det plass til 16 storfe, eller 150 småfe i to etasjar. Dyrerommet kan varmast opp eller kjølast ned alt etter kva årstid og temperatur det er. Og sjåføren er tilgodesett med varme i skapet for støvlane, og eit romsleg førarhuset med plass for opphald og overnatting.

Med det nye kjøpet har Ole Ringdal AS ein stor og moderande bilpark, både for inntransport av slaktedyr og for distribusjon av varer, seier Ole Arnstein Ringdal.

Bak lastebilrattet er ikkje jobben til dagleg leiar, men han måtte berre prøve å sete seg inn i nyinvesteringa.

Sjåfør Leif Arne Fivelstad har gjort unna dei fyrste turane. Han likar nyebilen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380