Lokalnytt

Nye skjema og søknadsfristar i Landbruket

Det blir nye søknadsskjema og fristar i Landbruket frå komande søknadsomgang. Endringane trer i kraft i mai 2017.

På Sunnylven samfunnshus blir det torsdag 6. april halde eit informasjonsmøte om endringane i søknader for produksjon –og avløysartilskot. Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltek på informasjonsmøte.

Tema som vil bli omtala:

– Nytt fagsystem

– Omlegging av søknadsprosedyrar

Det vil bli vist ein demo for utfylling av søknad etter nytt system. Assistanse til utfylling av søknad vil først kunne skje etter at søknadsskjemaet er opna, dvs. etter 1. mai. Møtet er i samarbeid med Bondelaget.

Informasjon om nye søknadsfristar og nytt søknadsskjema for søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei partane einige om at det skulle gjerast endringar i måten jordbruksføretaka søker om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

For det første blei det bestemt at Landbruksdirektoratet skulle lage eit nytt elektronisk søknadsskjema. For det andre blei det bestemt at søknadsfristane og teljedatoane for produksjons- og avløysartilskota skulle endrast. Endringane trer i kraft i mai 2017.

Nye søknadsfristar og teljedatoar

I mai 2017 vil det nye produksjonstilskotssystemet tre i kraft. I det nye systemet er det to søknadsfristar og to teljedatoar per år. Søknadsfristane er 15. mars (med teljedato 1. mars) og 15. oktober (med teljedato 1. oktober), med unntak av i 2017.

I 2017 vil første søknadsfrist bli 15.mai, med teljedato 1. mai. Andre søknadsfrist blir 15. oktober, med teljedato 1. oktober. Det vil berre bli ei utbetaling i året, og tilskota vil bli utbetalt i februar året etter at du har søkt.

Du søker om tilskot for produksjonen du har hatt i løpet av søknadsåret. Dette betyr for eksempel at utgifter du har hatt til avløysing til ferie og fritid i 2017 blir refundert allereie i februar 2018.

På same måte kjem utbetalinga av distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og matpotet i Nord-Noreg i februar året etter produksjonen er levert til godkjent omsetningsledd.

Enkelte opplysningar kan du etterregistrere i søknaden etter at søknadsfristen har gått ut den 15. oktober. I oktober fyller du ut søknaden med dei opplysningane du har. Deretter kan du etterregistrere enkelte opplysningar. Dette gjeld:

– avløysarutgifter for perioden 15. oktober til 31. desember

– dyr på utmarksbeite som er tekne ned frå beite seinare enn 15. oktober

– slaktegris, kylling og kalkun selde som livdyr mellom 15. oktober og 31. desember

– kvantum frukt, bær og veksthusgrønsaker samt poteter dyrka i Nord-Norge som er selt mellom 15. oktober og 31. desember.

Frist for å etterregistrere opplysningar i søknaden er 10. januar.

 Nytt søknadssystem, men få endringar i regelverket

Det meste vil vere likt som tidligare for produksjons- og avløysartilskotsordningane. Det skjer ingen store endringar i regelverket som endrar tilskotsordningane eller måten tilskota blir berekna på.

I tillegg til endring i søknadsfristar og teljedatoar, er det likevel enkelte endringar du bør få med deg.

Det vil ikkje vere mogleg å levere søknad etter at søknadsfristen har gått ut

I det nye systemet vil det vere mogleg å endre opplysningane i søknaden i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, utan at ein får 1000 kr i trekk per dag.

Merk at du berre kan endre opplysningane i ein søknad som allereie er sendt inn. Dersom du ikkje har levert søknaden innan fristen, vil søknaden bli avvist. Dispensasjon frå søknadsfristen kan fortsatt bli gitt ved særskilte tilfelle.

For å syte for at alle får levert søknaden i tide første året med nytt søknadssystem, er det likevel lagt opp til at søknadsfristane er meir fleksible i 2017. Du som søker om produksjonstilskot vil kun i 2017 kunne levere søknaden heilt fram til 14-dagarsfristen for endring er gått ut, utan at du treng å søke om dispensasjon frå søknadsfristen.

Kontrollar i søknadsskjemaet vil redusere risikoen for å søke feil

Når du fyller inn opplysningar i det nye søknadsskjemaet, vil fleire av opplysningane bli kontrollert undervegs, før du sender inn søknaden.

Døme på slike kontrollar er kontroll mot mjølkekvoteregisteret for føretak som søker om tilskot til mjølkekyr, og kontroll for å sjekke at det ikkje er søkt om større areal på ein landbrukseigedom enn det som er registrert i Landbruksregisteret. Slike kontrollar reduserer risikoen for å gjere feil når du fyller ut søknaden.

Merk at enkelte feil må rettast før du får lov til å sende inn søknaden, så ver tidleg ute med å søke!

Når skal du søke i 2017?

I 2017 skal du søke både i januar, slik som tidlegare, og på dei nye søknadsfristane (mai/oktober). Fordi det nye søknadsskjemaet ikkje er klart til mars, vil søknadsskjemaet opne for registrering først 1. mai i 2017. Søknadsfrist er 15. mai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380