Nytt reisebrev frå Costa Rica
Inga Elise Vik frå Hellesylt har sendt eit nytt reisebrev frå Costa Rica der ho studerer spansk. No går opphaldet mot slutten, ho har trivast, men har også sakna heimlandet litt.
Inga Elise Vik på Costa Rica:
-No har eg vore her i Costa Rica i ca. to månadar, og mykje har skjedd sidan eg sist skreiv brev. Dagane og vekene går veldig fort her nede! For å byrje med noko, så har spansken min vorte mykje betre. Eg har gått frå å kun vere i stand til å seie namnet mitt, til å kunne snakke med lokalbefolkninga, med enkel spansk vel og merke. Eg er no på nivå A 2. 3, og læringstempoet på skulen er fortsatt høgt. Neste nivå er B 1, som er nivået for vidarekomande!
Trivselen er óg høg. Eg har funne meg godt tilrette i Tamarindo, og i Costa Rica generelt. Eg har etterkvart fått reist litt rundt i dette svært spennande landet. For to helgar sidan, besøkte eg byen La Fortuna, som ligg ved foten av vulkanen Arenal. Det var ei kjekk helg med bading i ulike basseng som vert oppvarma av vulkanen, og ein 10- timars «ekstrem» gåtur i jungelen rundt vulkanen og testing av «Tarzan-swing» i Rio Fortuna. Det er fantastisk natur i området, som ligg inne i landet, omlag 4 timars bilkøyring på svingete vegar frå Tamarindo.
Landskapet er utruleg grønt og frodig, og vi fekk sjå vulkanen som har gjeve namnet til byen «La Fortuna». Grunnen til at byen heiter «La Fortuna» er at for omtrent 50 år sidan, så hadde vulkanen eit utbrot, som totalt øydela byen Arenal. Arenal var ein by som låg på andre sida av vulkanen, medan «El Búrio», som var det tidlegare namnet på La Fortuna, blei skåna. Fortuna tyder lykke på spansk, og difor fekk byen dette namnet. Dette og mykje anna blei vi fortalt av ein dyktig guide som hadde store kunnskapar om regnskogen og området. Det kjennest nesten som om eg var heime på Sunnmøre, for terrenget var til tider svært bratt og ulendt. Ei artig oppleving, og ei veldig kjekk helg!
Sist helg var eg igjen på farta. Denne gongen gjekk turen til Monteverde, ei landsbygd som ligg på 1600 meters høgde inne i landet. Det tok omlag 4 timar å køyre dit frå Tamarindo, tidvis på bratte og svingete grusvegar. Der ligg det ein «cloud forrest», noko som liknar på regnskog, berre kaldare. Det var nesten som å vere heime i Norge igjen. Eg opplevde regn, kulde (ca 16 grader) og kraftig vind til tider. Dette førte til at eg måtte kjøpe ei ekstra ytterbukse medan eg var der, det var rett og slett kaldt!
I Monteverde fekk eg og mine skandinaviske reisevener oppleve rappelering ned fossefall (canoying), vandring på hengebruer over «cloud forrest» og kveldstur med guide i skogen der vi såg blant anna dovendyr, tarantella og «green vipers» i trea. Vi var også på zip-lining, ein svært populær aktivitet i Monteverde. Då får ein på seg klatreutstyr med karabinkrokar, som ein hektar på metalliner. Høgt over jungelen og høgt tempo! Medan vi var i Monteverde så budde vi på eit superkoseleg og billeg hostell, ca 83 kroner natta inkludert god frokost. Denne vitjinga viste kor variert Costa Rica er, både i natur og prisnivå. Dette er ein stad eg vil reise tilbake til.
Begge stadane eg har besøkt er nasjonalparkar. Og det er noko som eg likar veldig godt med dette landet. Folket og myndigheitene viser vilje til å ta vare på naturen og det fantastiske mangfaldet av dyreartar som er her. Store delar av landet er verna, energiproduksjonen er rein; vasskraft og vindmøller, og det er relativt høg standard på det meste. Les; i forhold til resten av sentral- og Sør-Amerika. På grunn av dette, så blir prisnivået relativt høgt samanlikna med nabolanda. Her i Tamarindo, er det nesten norske priser på somme saker, mat er til dømes ganske dyrt her, noko som har overraska meg. For eit heilt ordinært fastfood-måltid her, må ein ut med nærare 75-80 kroner. Dette skuldast den enorme turismen, der Costa Rica er rekna som amerikanarane sine «Kanariøyar». Eit populært kallenamn til Tamarindo er «Tamagringo», der gringo tyder «kvit mann» på spansk.
I løpet av desse to månadane eg har vore her i Tamarindo så har eg kome fram til at eg vil bytte skule, så 10.april reiser eg til EF sin skule i Malaga, Spania. Eg har blitt fortalt av tidlegare elevar der og noverande elevar, at det er ein svært god og seriøs skule. Grunnen til at eg vel å byte skule er at skulen i Tamarindo ikkje lev opp til forventingane. Eit populært utrykk i Costa Rica er «pura vida», som kan oversetjast til «reint liv» eller «bra liv». Det blir brukt som helsing, til avskjed, og ofte som orsaking. Det blir då ofte til at «pura vida» er orsaking for forseinkingar og andre problem som dukkar opp. Ting her i Costa Rica tek nemleg tid! Pura vida» gjeld også diverre undervisninga og skulen. Mange av elevane er her i Tamarindo for å leve livet med alkohol, festing og dop, med foreldra på trygg avstand. Nokre elevar møter ikkje opp på skulen på fleire dagar, veker, og faktisk månadar. Og undervisninga vert ofte så som så, mange av lærarane deler elevane sine interesser, noko som fører til at læringsmiljøet ikkje blir optimalt.
Men likevel, så har eg altså klart å lære ein del spansk, mykje takka vere spanskpraktiseringa i vertsfamilien og at eg er engasjert i timane. Dessutan er det ganske få av lokalbefolkninga som kan engelsk, noko som tvingar ein til å bruke spansk i fleire ulike settingar.
No er det 16 dagar til eg skal på tur igjen, denne gongen til nabolandet Nicaragua. Eg har att 33 dagar i Costa Rica, før eg reiser vidare til Malaga, noko som blir spennande og litt merkeleg. Eg har funne meg godt til rette her, og føler meg som heime. Men eg saknar likevel Noreg, og har blitt veldig klar over kor høg standard vi har, på alt. «Tico-time» er eit faktum, ein må rekne med ekstra 10-15 min på det meste. Her er all verdas insekt og dyr, noko som i utgangspunktet er spanande og kjekt, men eg har til no funne to skorpionar på soverommet mitt, noko som ikkje er så kjekt. Eg har omtrent ikkje dusja i varmevatn på to månadar, og air-condition finn ein ikkje her i huset. Kosthaldet er óg noko einsidig, det går i mykje bønner og ris. Spesielt nasjonalretten «gallopinto», beståande av ris og svarte bøner blir servert ofte. Og butikkane har nestan ikkje sjokolade!!
Det har til no vore ei fantastisk oppleving, eg har møtt utruleg mange interessante menneske og eg har blitt mykje meir sjølvstendig. Eg er glad eg har valt å gjere dette no, slik at noko av eventyrlysta har blitt stetta, før eg tek til med meir omfattande studiar. Eg gler meg også til å vere to månader i meir heimlege omgivnader i Spania, som er landet eg er delvis oppvaksen i. Noko av motivasjonen min for å lære spansk, kjem av at eg gjerne vil opphalde meg meir i Spania i framtida. Då vil spanskkunnskapar kome godt med.