LokalnyttLokalsport

Ole Ringdal 1 vann bedriftscupen

Vinnarlaget frå Ole Ringdal 1. med medaljer og pokal. Frå venstre Frank Øksvang, Trond Tryggestad, Kurt Erik Sundgot.

Ole Ringdal 1 sikra gullmedalja og henta heim pokalen då Sunnylven skyttarlag avslutta bedriftscupen med finale i miniatyrskyting.

Det vart mest spaning og kampen om bronsemedaljene i bedriftscup onsdag kveld. Gull og sølv stod mellom Ole Ringdal 1 og Slettene Jaktlag, men før finalen leia kjøttvarebedrifta med 12 poeng. Det skulle vise seg at leiinga vart dobla gjennom finalen og dermed gjekk sigeren til Ole Ringdal 1. og dei tre skarpskyttarane Frank Øksvang, Trond Tryggestad og Kurt Erik Sundgot.

På Slettene Jaktlag og sølvlaget skaut Kristian Andre Frøysadal Hauge, Svein Magne Frøysadal og Jo Endre Frøysadal.

Gode damer

Før finalen stod kampen om bronsemedaljene mellom Nebbedalen Jaktlag og HT Bygg AS. Jaktlaget leia med eitt poeng før finalen onsdag, men på den avgjerande skytinga var «snikkarane» best og kunne innkassere bronse sju poeng betre enn Nebbedalen Jaktlag.

Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup hadde også med to reine damelag. «De Gamles Håp Del 2» vann i dameduellen føre «Kryss Fingrane». Dei kom på 7. og 8. plass av i alt 11. lag. Begge viste flott skyting gjennom heile turneringa, mellom anna skaut Sissel S. Tafjord (DGHåp) og Kristi F. Hauge ( K Fingrane) begge 97 i finalen.

Jakttrening

Bedriftscupen i miniatyrskyting vart arrangert fyrste gang i 1999, fortel leiar i Sunnylven skyttarlag, Ivar Fivelstad. På laga som består av tre skyttarar er det ikkje lov å ha med konkurranseskyttarar frå kl. 4 eller 5. Dette er ei skyting for folk flest og god trening. Fivelstad er sikker på at mange har blitt betre jegerar, mellom anna i storviltjakt av å delta på bedriftscupe.

Neste år, i 2018 blir skytinga arrangert for 20. gong. Skytinga går over fem rundar der dei to beste rundane  pluss fiinalen er teljande for resultatlista.

Resultat:

Ole Ringdal 1                                       2042

Slettene Jaktlag                                   2018

HT Bygg AS                                        1999

Nebbedalen Jaktlag                            1992

Ole Ringdal 2                                      1984

Per Røyrhus AS                                 1980

De Gamles Håp Del 2                        1952

Kryss Fingrane                                   1936

Ole Ringdal 4                                      1929

National Team Poland                          1924

Rampestrikane                                   1798

Desse skaut 97 poeng i finalen:

Sissel S. Tafjord (De Gamles Håp Del 2), Trond Tryggestad (Ole Ringdal 1), Kirsti Frøysadal Hauge (Kryss Fingrane), Kurt Erik Sundgot (Ole Ringdal 1), Bjørn Tryggestad (Ole Ringdal 2), Ole Arnstein Ringdal, (Ole Ringdal 2).

Premiepallen etter finalen i Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup. Frå venstre Kristian A. Frøysadal Hauge, Jo Endre Frøysadal, Svein Magne Frøysadal, Frank Øksvang, Trond Tryggestad, Kurt Erik Sundgot, Even Andre Bjørneseth, Ottar Frøysa Hellebostad, Magne Brekke.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380