LokalsportNotiser

På 7. plass i Hovedlandsrennet

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL kom på 7. plass 5.0 km. fri i Hovedlandsrennet fredag

Med tida 17.14.1 vart det ein sterk 7. plass på Tolga for Kristine Hjellbakk Hole. Ei av dei beste plasseringane ein løpar frå Sunnylven IL har fått på mange år i konkurranse med løparar frå heile landet.

Dei tre fyrste i J15 var det lite å gjere med denne gongen, men frå 4. plass til Kristine var tidsavstanden berre 5.2 sekund.

Tuva Hagen Rønning, Vikersund IF vann 5.0 km. fri på 16.29.5. Maria Hertz Melling, Konnerud vart nr. to på 16.45.7, og Kristin Maltun Helland, Kjelsås IL nr. tre , 16.49.8

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380