Påskearrangement på Peer Gynt Galleriet

Onsdag i påskeveka er det ny quiz på Peer Gynt Galleriet

Det blir quiz, og musikk til både underhaldning og dans i Peer Gynt Galleriet i påskeveka. Påmelding til quiz er alt i gong.

Det blir ny kunnskapstest i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt onsdag i påskeveka. Peer Gynt Galleriet har sin faste quiz-master i Arild Ringdal og medhjelpar Egil Røyrhus og begge er klare med spørsmål og utdeling av poeng. Det blir generelle og samfunnsaktuelle spørsmål frå dei 15 – 20 siste åra om sport, musikk, geografi, kultur, politikk og liknande, seier Arild Ringdal.

Under julequiz-en deltok vel 120 personar og då var lokalet fullt. Dette talet er max også i påska så den som vil delta på quiz-en bør ikkje vente for lenge med å melde seg på, seier Arild Ringdal. Han tek mot påmelding alt no, men berre på SMS, mob. 906 82 399.

Etter at quiz-konkurransen er ferdig ca. kl. 22.00 spelar Gunnar GP Pedersen og Asgeir Berg til underhaldning og dans.

Påskearrangementet på Peer Gynt Galleriet er onsdag 12. april. Sjå aktivitetskalendar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380