LokalnyttLokalsport

Per Ingebrigt Karbø ny leiar i Sunnylven Idrottslag

Jens Vik til venstre gratulerer sin etterfølgjar Per Ingebrigt Karbø med leiarjobben i Sunnylven Idrottslag.

På det framhaldande årsmøtet i Sunnylven Idrottslag vart Per Ingebrigt Karbø vald til ny leiar etter Jens Vik som ikkje ønska attval.

Det måtte til eit framhaldande årsmøte i Sunnylven IL for å få valt leiar i laget. På årsmøtet 2. mars kom alle val på plass utanom leiar i hovudstyret og i fotballgruppa. På den ekstra årssamlinga torsdag vart Per Ingebrigt Karbø vald til leiar i Sunnylven IL . Karbø takka for tilliten han vart vist. –Dette skal bli artig, sa han.

Per Ingebrigt Karbø kjenner Sunnylven IL godt frå tidlegare, både som aktiv og frå tillitsverv i fleire undergrupper, mellom anna som leiar for yngres avdeling fotball.

Hovedstyret

Med leiar på plass er hovudstyret i Sunnylven IL fulltallig. Styret er:
Per Ingebrigt Karbø leiar, Geir Frøysa nestleiar, Jens Vik kasserar, Tarjei Korsbrekke sekretær. I tillegg er alle gruppeleiarane medlemer av hovudstyret: Hans Hole skigruppa, Jostein Ringdal trim/friidrett, Magne Brekke skiskyttargruppa, Susanne Ringdal frå Hellesylt treningssenter, Frode Nessan stadionnemnd, og leiar i fotballgruppa.

Mangla fotballeiar

Leiar i fotballgruppa kom ikkje på plass på det framhaldande årsmøtet. Det blir jobba vidare med dette. Men alle fotballaga i klubben, i alt åtte er påmeldt og klare til fotballsesongen startar, vart opplyst på møtet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380