Pila peikar på Marianne Fivelstad

Pila i logoen til hovudorganisasjonen peikar stadig på Marianne Fivelstad

Marianne Fivelstad fekk spørsmål frå valkomiteen om å stille som leiar i styret for Sunnmøre Frilynde Ungdomslag. Laurdag vart ho vald til toppjobben.

Pila til Noregs Ungdomslag peikar på Marianne Fivelstad frå Sunnylven. I tillegg til å vere leiar i Hellesylt Ungdomslag er ho no styreleiar i Sunnmøre Frilynde Ungdomslag, ein organisasjon med kring 30 medlemslag og 900 – 1000 medlemmer.

-Det blir ei ny utfordring, men det blir spanande, seier Nibbedals-tausa som har vore engasjert i ungdomslagsrørsla i ei årrekke. Kor lenge veit ho ikkje, men fortel at ho kom med i barneleikarringen i HUL med Astrid Ringdal som instruktør. –Eg tykte det var kjekt og har vore med i ungdomslaget i alle år sidan.

Mange verv

Marianne har vore styremedlem og hatt leiarverv i Hellesylt UL, ho har dansa og spela skodespel. I Sunnmøre Frilynde Ungdomslag har ho eitt år som styremedlem frå tidlegare og 1. varamedlem i fjor før ho sist helg vart vald til toppvervet i styret, etter Janne Kvamme frå Ålesund.

Resten av styret er;

Svein Rolf Dimmen, Volda UL

Inger Lise Rusten, Fiskå FUL

Kari Kolseth, UL Fram

Sigrun Rogne UL Fram

Varamedlemer;

1.Karoline H. Haugli, Skodje UL

2.Egil Røyrhus Hellesylt UL

3.Andrea Løset, Bjørkedalen UL

Aktivitetane til organisasjonen blir både fleire og varierte i det komande året. Det skal haldast kurs for medlemmer med ulike tema, og samlingar for ungdom. Organisasjonen har eigen skrivar i 50 % stilling som skriv styrereferat og sender ut info og innkallingar. Skrivaren planlegg også «Jul på Sunnmøre» som SFU gjev ut kvart år. Marianne oppfordrar alle som har stoff til bladet, både julehistorier og anna historikk til å sende inn og bidra til juleheftet.

Sunnmørsstemne på Hellesylt

Det største arrangementet lokalt blir Sunnmørsstemnet for born på Hellesylt 8. 9. og 10. september. Då er det venta 120 born og vaksne til bygda så arrangørlaget HUL håper mange stiller på og hjelper til, seier HUL-leiaren. Det er fjerde gongen barnestemnet blir arrangert på Hellesylt.

Noko større programerklæring kjem ikkje den nyvalde leiaren i Sunnmøre Frilynde Ungdomslag med no, men veit at mange oppgåver ventar, også økonomisk.

-Som leiar skal eg vere for alle laga i organisasjonen. Det blir ei ny utfordring, men spanande. Eg trur det skal gå bra, for eg har fått med meg mange flinke folk i styret, avsluttar Marianne Fivelstad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380