Notiser

Sanitetslaget med ope møte

På informasjonsmøtet måndag serverer sanitetslaget også kveldsmat (Foto frå arkivet)

Måndag 20. mars arrangerer Sunnylven sanitetslag eit ope informasjonsmøte på Sunnylven kyrkjelydshus.

Til møtet på kyrkjelydshuset kjem Liv Hilde Vågsæter frå Nordvest Naprapatklinikk som har tilbod både på Stranda og i Stryn, og fysioterapeut Julianne Blindheim som jobbar som folkehelsekoordinator i Stranda. Dei to vil orientere frå sine arbeidsfelt og tilbod ein kan få. Sunnylven sanitetslag håper mange kjem til informasjonsmøtet.

Det blir utlodding og servering av kveldsmat på møtet som er måndag 20. mars klokka 19.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380