Lokalnytt

Stor oppslutning på sanitetsmøte

Julianne L. Blindheim til venstre og Liv Hilde Vågsæter var begge gode pedagogar og hadde nyttig informasjon til ei stor forsamling på kyrkjelydshuset.

Det opne informasjonsmøtet til Sunnylven sanitetslag der rådgjerer for folkehelseplager var tema samla over 50 frammøtte.

Til det opne møtet måndag kveld hadde Sunnylven sanitetslag invitert folkehelsekoordinator og fysioterapeut Julianne L. Blindheim frå Sykkylven og naprapat Liv Hilde Vågsæter, Stranda. Dei to fortalde om yrka sine og erfaringar dei har gjort seg, noko som fanga interessa til mange. Heile 50 personar, dei aller fleste damer møtte fram på informasjonsmøtet.

Muskel og skjelettplager er eit aukande problem blant folk. Men med behandling kan plagene bli redusert, og det kan hjelpe med enkle øvingar etter råd frå fagfolk.

Julianne L. Blindheim er utdanna fysioterapeut og jobbar i halv stilling i Stranda kommune. I tillegg er ho vore tilsett som folkehelsekoordinator i kommunen, men har no sagt opp denne jobben. På møtet fortalde ho frå jobben som folkehelsearbeidar og tiltak det vil bli jobba med, mellom anna fleire tiltak for personar med psykiske lidingar. Som fysioterapeut har Julianne Blindheim sitt virkefelt mellom bebuarar på aldersinstitusjonane i kommunen.

Liv Hilde Vågsæter, tidlegare fotballspelar på Stranda/Sunnylven sitt damelag var ferdig utdanna som naprapat i 2016. Ho bur på Stranda og jobbar ved kontor både på Stranda og i Stryn. Gjennom yrket har ho samarbeid med både fastlege, stamina, forsikringsselskap, bedrifter og idrettslag.

Under møtet vart tanken om faste dagar med tilbod av både fysioterapeut og naprapat på Hellesylt lufta. For å få det til trengs det eigna lokale og noko utstyr, men det er ei sak det vil bli jobba vidare med, etter det vi forstår.

Til slutt på møtet som vart leia av Kari Hauso Stadheim serverte sanitetslaget kveldsmat til alle, og avslutta det heile med ei lita utlodding.

Mange kom til det opne møtet som Sunnylven sanitetslag inviterte til måndag kveld.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380