Studentar i praksis ved Sunnylven skule
Anette Frøysa går idrettsfag ved Høgskulen på Vestlandet avdeling Sogndal. I Veke 10. og 11. er ho og tre medelevar i praksis ved Sunnylven skule.
Anette Frøysa er frå Hellesylt og har gått alle sine skuleår ved Sunnylven skule, før ho i haust flytta til Sogndal. No er ho heime på Hellesylt saman med tre medelevar som alle går ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Sogndal og dei er no i praksis ved Sunnylven skule. Dei tre er Kristine Brekke Henriksen, Lørenskog, Oda Elise Weel Olsen, Halden og Annelin Elde Sætre frå Ørsta.
Vi møtte alle fire på skulen den fjerde dagen på Hellesylt, då skulle dei bli servert potetball av bygdekvinnelaget i lag med resten av elevar og lærarar.
Smilet var avgjort til stades hos alle fire og alt hadde gått bra så langt. Dei fortalde at fyrste dagen på måndag gjorde dei seg kjende ved skulen, tysdag var dei saman med heile skulen på skidag på Strandafjellet, og frå onsdag har dei delteke i undervisning i klassane. Hellesylt.info ønskjer dei lukke til med dei neste praksisdagane på Hellesylt og vidare utdanning.