Styrer leiarklubba i Sunnmøre Frilynde Ungdomslag
Marianne Fivelstad frå Hellesylt Ungdomslag vart på årsmøtet i Sunnmøre Frilynde Ungdomslag laurdag valt til ny leiar.
Marianne Fivelstad har lang fartstid innan ungdomslagsrørsla. På årsmøtet i Hellesylt ungdomslag i januar i år gjekk ho på nytt på som leiar i HUL, eit verv ho har hatt tidlegare.
I Sunnmøre Frilynde Ungdomslag tek ho over styreleiarklubba frå Janne Kvamme, Ålesund. Marianne har vore 1. varamedlem til styret.
hellesylt.info kjem med meir frå den nyvalde leiaren seinare.