Lokalnytt

Sunnylven skulekorps vann Brass 3. divisjon

Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg vann Brass 3. divisjon under korpskonkurransen Nordvesten.

Med buss drog seksten spente musikanter frå Sunnylven skulekorps til korpskonkurransen Nordvesten lørdag 11. mars. Der vann korpset Brass 3. divisjon.

På korpskonkurranse; Anita Langeland

-Alle gleda seg til korpskonkurranse på Gomerhuset i Skodje der til saman 18 korps fra distriktet deltok.  Etter å ha høyrt dei andre korpsa spele, var det Sunnylven skulekorps sin tur på scena. Først fremførte dei SUNNYLVSMARSJ,  deretter  SÅ SUR DA,  DANNY BOY,  I WAS MADE FOR LOVING YOU,  og til slutt SJAKKMATT.

Korpset imponerte tydeligvis  domarane. På premieutdelinga fekk korpset tildelt 1. plass i Brass 3. divisjon, Korpset fekk 89 poeng, eit halvt poeng meir enn Straumsnes skulekorps og to poeng føre Skodje skulekorps, – til stor jubel for musikantar og ikkje minst for dirigent Trond Otto Berg.

Nokre av tilbakemeldingane frå domarane var: » Veldig fin klang i korpset»,  «fine dynamikker», «tøft», » god rytme og groove», «tøff musikk», «god stil og driv», «god trøkk», «god presisjon».

Festkonsert

Korpset fikk også være med på ein festkonsert der mellom anna Ørskog Brass spela til stor inspirasjon. I tillegg fikk vi også høyre tubaist Eirik Gjerdevik som imponerte stort.

Sjølv om det vart seint på kveld, var stemninga svært god på veg heim. Sigeren blei feira med is til alle musikantane.

Sunnylven skulekorps håper å få til ein vårkonsert der korpset fremfører konkurranseprogrammet frå Nordvesten. Dato er ikkje fastsatt enda, opplyser styreleiar Anita Langeland.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380