Notiser

Sveabakkane – Tryggestad får ny asfalt.

Thor Asbjørn Lunaas, seksjonssjef og leder for Asfalt- og vegmerkingsseksjonen i Region midt. (Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen)

Det blir lagt ny asfalt på fylkesvei 60 strekninga Sveabakkbrua til Tryggestad i løpet av 2017. Dette melder Statens vegvesen i ei pressemelding i dag. Totalt er dette ei strekning på vel 2,5 kilometer.

Denne parsellen er ein av fem i Stranda kommune som skal få ny asfalt. I Møre og Romsdal vil det i 2017 bli asfaltert 110 kilometer fylkesveg og 150 kilometer riksveg.

Leiar for asfaltseksjonen i Statens vegvesen, Thor Asbjørn Lunaas seier at fylkeskommuna har bevilga 78 millionar til asfaltering av fylkesvegar i 2017. Det blir prioritert å asfaltere lengre strekningar og strekningar som er sporete og har dårleg standard.

Statens vegvesen har sidan 1990 hatt årlege målingar av dekketilstanden på alle riks- og fylkesvegar. Dette vert gjort ved hjelp av ein laserskanner som er montert på ein bil og gir nøyaktige data på spor og jamnheit i asfaltdekning og viser og utviklinga på dette over tid. Desse målingane dannar grunnlaget for prioriteringane av kva vegar som får asfalt dei neste åra, seier Lunaas.

Asfaltlegginga startar i mai og sluttar i september. Det vert brukt steinrik og slitesterk asfalt på vegar med stor trafikk. Om fundamentet på vegen er god er levetida på asfalt på slike vegar frå 6 til 8 år. Tilsvarande levetid på lavtraffikerte vegar kan vere 15 til 20 år.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info