Usikkert med Verdsarvprest

«Verdsarvprest» Morgan Berg var programleiar under Hellesyltdagane 2016. Då sola kom fram slo tenoren til med Louis Armstrong sin udødelige «What a Wonderful World». (Foto frå arkivet)

Møre bispedømme oppretta i fjor ei stilling som Verdsarvprest i Geiranger med omland. Om stillinga blir bekledd i år er enno usikkert.

Kapelan Morgan Berg vart det fyrste Verdsarvpresten. Sommaren 2016 hadde han bustad i Geiranger og virkeområde hans var i Sunnylven og Hellesylt, i Geiranger, Norddal og Valldal.

Som Verdsarvprest i eitt av landets travlaste turistområde jobba Morgan Berg med fleire ting. Nokre av oppgåvene var gudstenester på norsk og engelsk, deltaking i musikkandakter, vigsler og «sjømannsprest» om bord i ferja mellom Geiranger og Hellesylt. Om stillinga som Verdsarvprest blir oppretta i sommar er enno ikkje avklara.

–Det vi veit er at det ikkje klaffar for Morgan Berg i år. Vi er på utkikk etter nokon andre, men det er ein del som skal oppfyllast så det er ikkje så lett å få ein i stillinga. Men vi jobbar med saka og har eit håp enno, skriv prost Svein Runde på spørsmålet frå hellesylt.info

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380