LokalnyttLokalsport

Utdrag frå årsmeldingar i Sunnylven IL

Hellesylt stadion

Under årsmøtet i Sunnylven Idrottslag vart det lagt fram årsmeldingar frå alle grupper i laget. Her er korte utdrag. Når det gjeld utfyllande resultat, sjå lokalsport på hellesylt.info

Hellesylt Treningssenter

Hellesylt Treningssenter held til i fyrste etasje i Trygg Trykk på Hellesylt. Her er etter kvart godt utval i treningsapparat som rundt 60 medlemer benyttar seg av heile året. Også fleire heime på feriar eller under andre besøk på Hellesylt nyttar seg av tilboda på treningssenteret, står det å lese i årsmeldinga.

Desse prisane gjeld for å benytte seg av Hellesylt Treningssenter;

Enkeltmedlemer: Ein. månad kr. 400.- Tre månader kr. 1.000.- , Seks månader kr. 1.500.-, Eitt år kr. 2.000.-

Medlemskap, gruppe: Familie seks månader, 2.500.-, Eitt år kr. 4.000.-

Student / honnør; Seks månader 700.-, Eitt år kr. 1.000.-

I årseldinga skriv styret at det vart utført vedlikehald på lokala og nye oppgraderingar av treningssenteret vil halde fram i år. Det vil også bli kjøpt inn ein del nytt treningsutstyr.

Fotballgruppa

Sunnylven IL Fotballgruppa hadde 80 aktive forballspelarar i 2016, fordelt på ni lag. Åtte av dei var aldersbestemte lag og senior damer hadde samarbeid med Stranda. Dette samarbeidet held fram også i 2017.

Under Sommardagar på Hellesylt hadde fotballgruppa sal av grillmat og bingo frå utescena. Ein suksess som bør vere med også under årets program. -Dei to arrangementa gjer at det fell mykje arbeid på dei same personane så vi håper at ei anna gruppe eller hovudlaget vil ta over bingoaktiviteten i samband med Sommardagane i 2017, skriv styret i årsmeldinga.

Prisen for årets spelar på Stranda / Sunnylven sitt damelag gjekk til Anniken Hjellbakk Hole, toppskorarprisen til Kirsti Frøysadal Hauge, og treningsprisen til Andrea Lie Kirkhorn.

Sunnylven deltok med to lag i Norway Cup der J16 kom til bronsefinale i B-gruppa og fekk pokal.

Rasmus Matviks minnepokal for god haldning og sportsleg framgang gjekk etter loddtrekning til Sara Sæter i 2016.

J16-laget kunne juble etter flott innsats under Norway Cup 2016.
Hellesyltløpet hadde rekordstor deltaking og fekk nye løyperekordar i 2016.

Trim / friidrett

Fjelltrimmen og Hellesyltløpet er dei to aller største arrangementa til trim /friidrettsgruppa. I fjor vart det totalt registrert 13220 besøk på trimpostane, ein auke frå året før på 0.4 prosent.

Det vart halde fire trimtreff, to som mørketreff i Kjellstaddalen og Frøysadalen .

Jentebylgja gjekk av stabelen i mai i lag med sanitetslaget, og med god oppslutnad.

God deltaking var det også under Hellesyltløpet med 112 løparar frå nær og fjern. Joar Andreas Thele, Lyn ski sette ny løyperekord for herrer med 20.36.

Fleire frå Sunnylven deltok i både gateløp, maraton og fjelløp og fekk sterke plasseringar. Utøvarar som er nemde i årsmeldinga er Kari-Anne Tryggestad Ryste, Anniken Hjellbakk Hole, Inger Ringdal Sæter, Hege Ringdal, og Kristine Hjellbakk Hole.

Trygve Aaland Tryggestad markerte seg både i langrenn og skiskyting med gode resultat i 2016.

Skiskyttargruppa

Opp til 12 utøvarar deltok på skiskyttarrenn gjennom vinteren og oppnådd mange pallplasseringar. Trygve Aaland Tryggestad og Inga Elise Vik deltok også på nasjonalt nivå, og fem løparar deltok under Liatoppen Skiskyttarfestival. Skiskyttargruppa i Sunnylven IL arrangerte KM, og sesongen vart avslutta 23. april med tur til Nausane og pølse, brød, kaffi og kaker og ein fotballkamp mellom vaksne og unge.

Skiskyttargruppa og skigruppa har hatt faste fellestreningar sist haust.

Skigruppa

Sunnylvscupen på ski hadde 90 deltakarar i fjor som vart premierte under skigruppa sin påskebingo.

Anniken Hjellbakk Hole, Linn Kammen, Tarjei Korsbrekke og Magnar Tufte Tyssen har vore faste trenarar for langrenn og skiskyting frå i fjor haust. Treningane starta med rulleski og med barmark –og styrketrening på Hellesylt og i Hyttehola. Sunnylven IL har eit godt samarbeid med Hornindal IL og då snømangel i Hyttehola har vore eit probrem i vinter har mange skitreningar blitt lagde til Grendadalen i Hornindal.

I resultatdelen i årsmeldinga blir desse nemde: Kristine Hjellbakk Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Inger Ringdal Sæter, Trygve Aaland Tryggestad, og Gisle Aaland og Hans Kristian Stadheim som saman med Anniken gjekk Birkebeinerrennet der alle greidde merkekravet.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380