Vann i Eidsdal

Eidsdal IL arrangerte det 10. rennet i Sparebanken Møre Cup i langrenn laurdag. Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vann som ho ville igjen.
Frå siger i Sunnylvscup på ski onsdag til siger i Sparebanken Møre Cup i Eidsdal laurdag. Kristine Hjellbakk Hole har vore for det meste einaste deltakar i si klasse i renn i Møre og Romsdal, men er ein verdig vinnar av si klasse i SBM Cup som ho har vunne for lengst. Tidene i renn viser stor fart og ofte betre enn løparar i eldre klasser. Vi manglar fullstendig resultatliste frå SBM Cup i Eidsdal, men tek med nokre av dei beste frå 7.5 km:
J15.
1.Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL 25.50
2.Pauline Birkeland Eidsdal IL 54.46
G15:
1.Sander Engdahl, Torvikbukt IL 25.54
2.Sebastian Rise Nakken, Molde & Omegn IF 26.26
3.Knut Elias Dalhaug, Nordal IL 30.31
4.Sigve Nydal, Eidsdal IL 39.36
J16.
Liv Johanne Vestre Røkke, Stordal IL 29.41
G16.
Håkon Bakke Kjerstad, Emblem IL 26.01