Lokalnytt

Vårkonsert med vinnarprogram

Sunnylven skulekorps

Sunnylven skulekorps baud på sigerstonar frå korpskonkurransen på Skodje då dei inviterte til vårkonsert fredag kveld.

Det blenkte frå messinginstrument då Sunnylven skulekorps inviterte til vårkonsert på Sunnylven samfunnshus fredag kveld. 11. mars kom korpset heim som vinnarar av klasse Brass 3. divisjon frå Nordvesten på Skodje. Fredag kveld var det reprise på konkurranseprogrammet dei framførte i Gomerhuset, og litt til. Og midt på kaffibordet stod pokal og diplom, det synlege beviset på siger frå Nordvesten.

Bertine Lade var solist på trombone i Danny Boy.

Det måtte leitast fram ekstra stolar i storstova på Hellesylt, for mange kom for å høyre Sunnylven skulekorps framføre vinnarprogrammet. Korpset under dirigent Trond Otto Berg opna med Sunnylvsmarsj, marsjen som Helge Fivelstad laga midt på 80-talet og som korpset har hatt fast på programmet dei siste åra. Deretter kom «Så sur da», «Danny boy» med Bertine Lade som solist på trombone, «I vas made for loving you», og som siste frå konkurranseprogrammet «Sjakkmatt» av Hans Offerdal.

Eit begeistra publikum svara med ståande applaus og ville gjerne høyre meir. Det fekk dei, fyrst ABBA-låta «Did your mother know», og deretter «Chips & Popcorn».

Om det var Sunnylvsmarsj eller Danny boy med Bertine som solist som tok «prisen» denne gongen skal vere usagt. Personleg lika vi også godt å høyre korpset spele ABBA.

Aspirantane hadde også si avdeling og viste at rekrutteringa til korpset er på plass.

Vi og fleire vart imponert over Sunnylven skulekorps nok ein gong. Leia av ein engasjert dirigent blir samspelet og rytme frå dei unge musikantane nesten ei uvirkeleg oppleving. Korpset har blitt bygdas musikalske stoltheit. Difor er det gledeleg at også rekrutteringa er god. Under konserten fekk publikum møte seks aspirantar frå 4. klasse. Dei framførte fleire korte musikkstykke, og musikalsk lova det godt for eit liv for skulekorpset også i framtida.

Vårkonserten med Sunnylven skulekorps var ei god kveldsstund for musikkøyret og bevis på at diplom og pokal frå Nordvesten ikkje var tilfeldigheit.

Konrad Lade viste fram vinnarpokalen frå Nordvesten. Til venstre dirigent Trond Otto Berg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380