Vårmøte i Sunnylven pensjonistlag.

På kvinnedagen 8. mars inviterte Sunnylven pensjonistlag til Vårtreff. Møtestad var Sunnylven kyrkjelydshus og med godt frammøte.

Branntryggleik, premiedryss, servering, tombola og vakker sang av unge jenter var «menyen» under Sunnylven pensjonistlag sitt vårtreff onsdag.

Etter at leiar Astrid Langeland hadde ønska ei talrik forsamling vel møtt gav ho mikrofonane til to unge, songglade jenter, Kristin Langeland og Selma Sjåstad Hole. Dei sikra seg velfortent applaus etter framføring av vinnarlåta frå Melodi Grand prix junior, «Vestlandet» på vakkert vis.

Til å snakke om branntryggleik i heimen var Stranda Energi representert ved Terje Årdal og Stranda Brannvern ved brannmeister Inge Teigen og feiarane Lillian Aasheim og Malin Pålson.

Mange brannar oppstår i samband med elektriske feil. Å ha fast serviceavtale og få utført kontroll av det elektriske anlegget av fagperson kvart femte år var å anbefale. Mykje kan ein også gjere sjølve ved å få på plass ulike spenningsvern og vise omtanke. Viktig var det å ha brannvarslarar som virka og ha tilgjengeleg sløkkjeutstyr som skum / pulverapparat, eller lang nok vasslange. Informasjonen om branntryggleik vart vist både på film, plansjar og frå statestikk, alt nyttige påminningar for å unngå brann.

Frå Sparebanken Møre kom Annvor Tryggestad for å dele ut trimmerke i «Den Gyldne spaserstokk». I alt 29 personar fekk utmerkingar i alle metallvalør, frå bronsemerke til 17 års-merket. Sjå liste til slutt i saka.

Tombola og åresal er eitt av høgdepunkta på pensjonistlaget sine møter. Eit stort antall gevinstar vart delt ut også denne gongen og gjekk til medlemer som hadde kjøpt dei rette årene med dei rette tala på.

Eit anna høgdepunkt under Vårtreffet var serveringa. Den besto av rundstykke med gul og brun ost, kaffi, eller kakao. Litt utradisjonelt, men det smaka fortreffeleg.

Selma t.v. og Kristin song vinnarlåta frå MGP junior, «Vestlandet».

Premierte i «Den Gyldne spaserstokk»:

Bronsemerke: Astrid Taraldset, Jostein Hole, Berit Hole, Oddveig Tryggestad, Anna Bjørdal, Magnar Bjørdal.

Sølvmerke: Ingebjørg S. Fivelstad, Astrid Langeland, John Langeland, Mia Sjåstad, Anne Lise Hasle, Håkon Hasle, Solfrid Lien, Kristen Ringdal, Kristi Ringdal.

Gullmerke: Lars Fivelstad, Bjarne Sjåstad, Fredrik Stadheim, Ruth Tronstad.

Gullnål: Odd Jostein Bjørdal

10 års-merket: Arne Tronstad

12 års-merket: Sonja Ruth Anny Hole

14 års-merket: Oddny Rudi, Knut J. Tryggestad, Reidun Tryggestad

15 års-merket: Kirsten Gjørvad, Åge Gjørvad

16 års-merket: Arnfinn Tryggestad

17 års-merket: Anne Gausdal

Astrid Langeland, dyktig leiar i Sunnylven pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380