Lokalnytt

Vil skape aktivitetstilbod på Hellesylt

Arkivbilde av Hellesyltfossen frå august 2015.

To selskap, Bonseye og Hjørundfjord Mountain Guide har søkt Stranda kommune om løyve til montering og bruk av ei Zip-line ved Hellesyltfossen.

Det kan vel neppe kallast ekstremsport, men ei frisk og litt spanande naturoppleving å rappellere over Hellesyltfossen. For nettopp det vil dei to selskapa Bonseye og Hjørundfjord Mountain Guide tilby turistar som ventar på ferja eller ferierer på Hellesylt.

Jens Arve Forbord i selskapet HMG er knapp i kommentarane når vi spør kva dette litt spektakulære tilbodet på Hellesylt går ut på.

-Det er langt fram enno. Vi må ha løyve frå både kommune og grunneigarar og det kan ta tid. Du kan skrive at vi har sendt inn søknad og planlegg eit aktivitetstilbod som Hellesylt har få av i dag. Det går ut på å la folk få gli over Hellesyltfossen etter løypestrengprinsippet på ein 16 mm. tjukk vaier. Når det kan bli ein realitet er usikkert, seier Jens Arve Forbord.

Dei to selskapa søkjer Stranda kommune om dispensasjon frå reguleringsplanen til å setje opp vaieren. Montering skal gjerast av eit spesialfirma og aktivitetstilbodet vil ha stor reklameverdi og vil hjelpe til å setje Hellesylt på kartet. Og når det gjeld Hellesyltfossen som fotoobjekt vil ein enkel vaier ha bort i mot ingen øydeleggande innvirkning, meiner dei.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380