Lokalnytt

X2 Festivalen søkjer om støtte

Basehopping frå Helsetkopen og landing ved Helsetvatnet var eitt av sportsarrangementa i fjor og samla god deltaking.

X2 Festivalen har søkt Stranda kommune om økonomisk støtte til gjennomføring av sport –og kulturarrangement på Helset i Sunnylven. Arrangementet er 20. til 23. april.

X2 Festivalen har søkt Stranda kommune om 10.000.- kroner i støtte til gjennomføring av fleire arrangement i Sunnylven. Det er kajakk i Bygdaelva, Basehopping, Speedflying og fallskjermhopping i området kring Helset i Sunnylvsbygda. I tillegg er det planlagt å lage ein «mini-festival» under Helsetkopen ved Helsetvatnet der deltakarane har tilgang til manifest, festivaltelt, toalett, kiosk m.m.

I ein tidlegare søknad til Stranda kommune om løyve til å nytte helikopter til transport under arrangementet heiter det at dei ynskjer også å arrangere ein intimkonsert for bygdefolket ved Xair campen ved Helsetvatnet. Dette for å gje noko tilbake til bygdefolket.

I søknaden til Stranda kommune, datert 22. februar skriv X2 Festivalen at dei arrangerer sportskonkurransar i sunnmørsk natur, skaper positiv haldning kring Sunnmørsalpane og fremjar gode verdiar knytt til friluftsliv og ekstremsport.

Vidare heiter det at Festivalen har i år 75 kultur og sportsarrangement rundt omkring på Sunnmøre og er driven på dugnad. Ingen får løn for arbeidet som blir lagt ned. Festivalen har eit driftsbudsjett på 1.750.000.- kroner med eit forventa overskot på 100.000.- kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380