Lokalnytt

Arnfinn fekk heidersplass og song

Arnfinn Tryggestad har vore fast mellom mannskapet til Sjøarane til Grendakveldar. Også i år vart han del av flokken.

Arnfinn har trappa ned litt sjølv om han dagleg er innom treningssenteret . Til program på Grendakvelden tok han fri i år trudde han, men så lurte Sjøarane han opp på scena likevel.

Den pensjonerte kyrkjetenaren kan sjå tilbake på mange morostunder, både på dansegolvet, i Hellesylt songlag og på HUL-scena. Kanskje er han den einaste i bygda som har spela sketsj med soknepresten på ein Grendakveld, men også det står på cv-en hans. For ein del år tilbake framførte dei to Tuppen og Lillemor med suksess på ein Grendakveld til Sjøarane.

Og mange andre morostunder har det blitt med alltid trivelege Arnfinn. Vi huskar han så godt frå ein sosialtur med Hellesylt songlag til Elvesæter i Lom. Der var dans om kvelden og Arnfinn kom i prat med nokre Oslo-damer som ville lære å danse reinlender. Dei kunne ikkje eit steg sjølv om dei var spreke og hadde bestege Galdhøpiggen .

Etter fleire forsøk kom det frå ei av dei. «No kan vi det». Ja, ja, kan og kan. Dansen gjekk då på eit vis, men Arnfinn var nok mange karakter lettare i stega enn Oslo-damene, etter det vi kunne sjå.

Laurdag fekk Arnfinn plass på stol på scenekanten der Sjøarane hylla han med eigen song og eit innrama bilete med bildeutkipp frå dei mange innslaga frå HUL-scena.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380