Årsmøte i Hellesylt songlag

Hellesylt songlag var mellom aktørane under julekonserten i Sunnylven kyrkje også i 2016.

Hellesylt songlag har ikkje faste øvingar gjennom året, men har framleis 12 – 14 songarar som stiller på ved spesielle tilstellingar.

Onsdag 19. april vart det halde årsmøte i Hellesylt songlag med 10 frammøtte der vanlege årsmøtesaker stod på saklista. Alle vedtak var samrøystes.

Prøysen-kveld med koret i november vart godt motteke av mange frammøte på Sunnylven samfunnshus. Her vart eit knippe kjende og kjære viser av Alf Prøysen framførte med tonefølgje av Gunnar Inge Eide på piano.

-Konserten gjekk fint og var ein variasjon av fleirstemt og samstemt korsong, solistar og allsong. Sal av kaffi, kaker og lodd gjekk også strålande. Vi opplevde at bygda ønskte at koret skulle leve vidare, står å lese i årsmeldinga.

Hellesylt songlag var å høyre også seinare på året, under julekonserten i Sunnylven kyrkje. At prosjektkoret har sin plass beviste dei til fulle med framføring av songar som; Den vakraste julen, God jul, Himmel på jord, og I den kalde vinter.

Årsmøtet

Kari Hauso Stadheim held fram som styreleiar i Hellesylt songlag. Også dei andre i styret tok attval. Styret for 2017 er:

Styreleiar: Kari Hauso Stadheim

Sekretær: Inghild Storstein

Kasserar: Trine Tryggestad Forbord

Dirigent: Kristin Storstein

Hellesylt songlag jobbar med å knyte til seg musikkrefter. I løpet av hausten har songlaget som mål å invitere til underhaldning med kjente norske songar på programmet, og besøkje omsorgssenteret for å underhalde med song og musikk der. Årsmøtet diskuterte også om dei skulle «blåse støvet» av og framføre den gamle suksessmusikalen «Like til Betlehem» under julekonserten 2017.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380