Notiser

Årsmøte i Ljøbrekkas Vener

Utbetring av Postvegen stoppa like før Ljøsetra i fjor. I mai startar arbeidet opp igjen. (Foto: Ljøbrekkas Vener)

Det blir årssamlinga i Ljøbrekkas Vener onsdag 26.april. Årsmøtet er på Stranda Ungdomsskulen.

 Frå ca. 10. mai vil arbeidet med utbetring av postvegen halde fram frå området nær Ljøsætra der arbeidet stansa i fjor og så langt som råd mot Brekkeskaret før neste vinter, skriv leiar Petter Hjørungdal i innkallinga. Både sherpaer og gravemaskiner blir sett inn i arbeidet også i år.

Leiaren i Ljøbrekkas Vener skriv at dei vonar på ein god sesong, også vermessig. Før 10.mai er det planen å sprenge veggrøfter og køyre til stein for muring. Det blir også vurdert ei lita utbetring av innstiginga til postvegen frå Fylkesveg 60. Her er for bratt, og det er mykje laus stein i skjeringa over, heiter det.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380