Attval mellom Bygdetunvener

Økonomien i Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun er god. Det vart servert kaffi, marsipankake og andre go`saker til årsmøtedeltakarane.

Det vart attval på heile styret på årsmøtet i Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun måndag

Både årsmelding og rekneskap vart klubba gjennom utan merknader då 11 medlemer i Venneforeinga for Hellesylt Bygdetun samla seg til årsmøte måndag kveld. Foreininga hadde 129 betalande medlemmer i 2016.

Det største arrangementet i året som gjekk var olsokstemne med ny frammøterekord. Heile 65 personar møtte sjølv om det var utrykt for regn. Difor vart heile arrangementet med program og sal av rjomegraut flytta inn på låven i Bygdetunet. Eit godt og triveleg stemnelokale, står å lese i årsmeldinga.

Venneforeininga ser med uro på at det ikkje blir utført naudsynt vedlikehald av gamlestova i Hellesylt Bygdetun. Stranda kommune er eigar av stiftinga Hellesylt Bygdetun og Venneforeininga håper at det økonomiske kjem på plass sikra at vedlikehald av det gamle våningshuset og vidare drift av Hellesylt Bygdetun blir sikra, heiter det i årsmeldinga.

På årsmøtet måndag tok Arne Ringdal med forsamlinga i ei svært interessant «reise» i ord og bilete han hadde kalla «Frå Shell til Kurlå». Han hadde samla mangt og mykje om tankanlegget som kom ved sjøen like forbi Korsbrekke, og om folk, buplassar, stadnamn og hendingar på strekninga heilt til Kurlå der Storfjordens Venner har sett i stand huset igjen så flott.

Elevar frå Sunnylven skule tok aktivt del i ryddearbeid på Kurlå og baka fleire ting som oppmåling av hustomt og anna registrering inn i undervisninga. No er elevar frå skulen i gong med eit nytt ryddeprosjekt, på Bergaplassen som ligg ved råsa til Åseneset og Kurlå.

Val i Venneforeininga Hellesylt Bygdetun;

Kontaktperson: Marit Ljøen

Sekretær; Eldrid Skrede

Kasserar; Odd Jostein Bjørdal (attval)

Styremedlem; Astrid Langeland (attval)

Styremedlem; Arne Ringdal

1 varamedlem; Ragnhild Vågsæter Tryggestad

2 varamedlem; Ruth Hole Aaland

Styret har «flat struktur» og fordeler arbeidsoppgåvene mellom seg.

Revisor; Roger Tryggestad

Årsmøtet vedtok uendra medlemskontingent, kr. 100.-

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380