Dagleg ope ved Øcal

Ramazan Øcal serverer «verdens beste » pizza, meiner mange.

Frå fredag 21. april held Øcal kafe ope kvar dag. Opningstider blir i fyrste omgang frå kl.12.00 til 22.00.

Sjølv om veret viser vinterlege trekk enno, er også vår og sommarteikn på gong, som at Øcal kafe opnar for dagleg drift. Det set mange pris på, ikkje minst alle som er glade i softis. Softismaskina er klar og leverer gosakene i kjeks eller beger, pynta med strø, jordbær, sjokolade, krokan eller tutti frutti-strø, alt etter smak og behag, lovar Tahir Øcal ved restauranten.

Kafeen ved Hellesyltfossen er også kjent for sine mange gode pizza-variantar og har elles alle rettigheiter. Frå fredag 21. april blir det dagleg ope frå kl. 12.00 ved Øcal i Hellesylt sentrum.

Tahir Øcal har «verdens beste» softis, synest mange.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380