Lokalnytt

Dansens dag med HUL

Dansarar frå HUL underheldt med dans både på omsorgssenteret og her i gata i Hellesylt sentrum.

Laurdag 29. april var «dansens dag». Den vart markert av Hellesylt Ungdomslag.

Kvart år oppmodar Noregs Ungdomslag alle sine lokallag til markering av «dansens dag». I år fall dagen på ein laurdag og Hellesylt Ungdomslag tok utfordringa. Dansegruppa i HUL tel mange og laurdag tok nær 30 unge og eldre fyrst turen til Sunnylven omsorgssenter for å underhalde bebuarane der. Seinare same dag vart det musikk og dans på asfalt framfor butikkane i sentrum av Hellesylt.

Mange av pensjonærane på omsorgssenteret møtte fram for å sjå ungdom danse, fortalde ein av leiarane Wenche Høgalmen Ringdal. Også i sentrum stoppa mange handlande opp for å sjå . Dagen vart avrunda med eit besøk på kafe for alle aktørane, fekk vi oss fortalt.

På Sunnylven omsorgsenter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380