Lokalnytt

For 40. gong

Sjøarane ønska publikum vel møtt med velskriven song

Palmelaurdag inviterte Hellesylt Ungdomslag til grendakveld for 40. gong. I storstova på Hellesylt sat bygdefolk og tilreisande tett og mora seg.

Heile 240 personar applauderte viljug for Sjøarane etter programinnslaga på Grendakvelden laurdag. I to timar fleipa dei med seg sjølve, men delte også ut lette park til hendingar både i bygd og dal det siste året, slik det skal vere. Grendakvelden vart ein suksess slik den har vore alle gonger frå den fyrste i 1975. 40-ande gongen vart feira i ein flaggpynta storsal med både program, servering og svingom til slutt og langt ut i dei små timar.

Mus i garderoba

Heilt frå kjøgemeistar eller programvert for underhaldninga, Leif Egil Åsen  entra scena og introduserte kvelden tett ved ei kjempestor jubileumskake var stemninga på topp. At han måtte manøvrere seg mellom bøtter og kar som tok unna lekkasjar frå taket gjekk også bra. Det var nære på at heile Grendakvelden kunne blitt avlyst, sa han. I damegarderoba dukka det opp ei mus som nesten hadde skremt vitet av nokre damer. No var musa fanga så alt gjekk som planlagt.

Dermed kunne jubileumsfesten opna med velkomstsong framført av eit festkledd blandakor. –Hellesylt er den beste plassen på jorda, heitte det sjølv om teksten fortalde om både regn og ras. Hyllesten var likevel stor, både i denne songen og fleire.

Damene er klare for klatretur i fjellet.

Vegutbetring

Her var det også fint å gå på tur og klatre i fjella. Ein talrik gjeng damer hadde rusta seg med hjelmar og anna klatreutstyr frå eit fjellturselskap i området. Førebuingane var grundige før avgang og alt måtte annonserast på facebook eller twitter før avgang. Det vart mange morosame replikkar og god ordkløyving i førebuingane før avgang.

Publikum fekk også attersyn frå tidlegare Grendakveldar vist som filmopptak, og det vart sketsjar som omhandla både besøk på sjukehus, problem med betaling av straumrekningar, og eit innslag om utbetring av vegen i Berga. I Berga var det kome tofelts veg med gul midtstripe, vart det fortalt. Det var venta stor trafikk etter vegen, for ved enden på Vollset var det sett opp eit do.

Og så var det spåkvinna med nordlandsdialekt. Greinalaust bra både i replikkar og kontakt med publikum. Her vart styrke og svakheiter, tankar og planlage gjerningar løyst og røpa. Eit innslag med eit stort ordforråd og ei framføring som imponerte.

Fossedur med vokalist Emilie Brekke som Gisele

Musikalske gobitar

At Grendakvelden på Hellesylt er vide kjent kom det også bevis på. Kveldens programvert kom stadig på scena med telegram, både frå Kongen og Dronninga, svenske-Kongen, Toralf Maurstad, frå statsministeren, og frå sjølvaste Rolling Stones.

Og nettopp song og musikkinnslaga var av høgdepunkta under programmet. Vi vart storleg imponert av husorkesteret med det flotte namnet Fossedur. Olav Elling Gausdal, gitar og vokal, Oddvar Gausdal, trekkspel, Bjarne Sjåstad, bass og Jostein Ringdal slagverk fekk publikum til å lytte og applaudere. I ein Rolling Stones-låt var Emilie Brekke vokalisten Gisele, og Olav Elling Gausdal song Øppna landskap av Ulf Lundell.

Mange involverte

Jubileumsforestillinga til Sjøarane stod til meir enn godkjent karakter. Vi veit at det har blitt jobba med tekstar og øvd godt av dei 23 som entra HUL-scena palmelaurdag. All ros og ære til dei og deira medhjelparar i mange små og store arbeidsoppgåver som skal ordnast til eit slikt arrangement. Ønskje er og må vere at Grendakveldane lever vidare også dei neste førti åra.

Her er det betalingsvanskar med straumrekninga som blir belyst av Magnar og Linn.
Under sykehusbesøk blir pasient behandla av ein person som langt frå er overlege.
Frå venstre Hege, Maria, Vanja og Mathilde.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380