
Dei aldersbestemte laga til Sunnylven Fotball har spela sine fyrste kampar for sesongen med både siger og tap.
Gutar 12 år drog til Valldal måndag kveld. Der vann heimelaget 5 – 2, men trass tapet vart vist mykje godt spel av Sunnylven, heiter det i meldinga vi har fått frå kampen.
Jenter 16 år møtte Valder/Vigra på bortebane, og på Valdervoll kom årets fyrste siger. Sluttresultatet vart 8 – 3 til Sunnylven.