Gjekk Skarverennet 2017
Godt over 12.000 deltakarar, inkludert store delar av verdseliten, stilte til start i Skarven laurdag 22. april. I klassa K17-18 deltok Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven IL. Ho gjekk inn på tida 2.28.21 og vart med det nummer 44 i si klasse. Skarverennet vart fyrste gong arrangert i 1974, og er eit turlangrenn med start på Finse/Haugastøl og innkomst på Ustaoset.