Lokalnytt

Glimrande forhold for X Creek

Nicole Portheim ut frå start

Basehopp og speedflying blåste bort i Sunnylven for X2 Festivalen. Men X Creek i Bygdaelva gjekk som planlagt og under flotte forhold.

Arrangementsansvarleg Torbjørn Nordeide hadde berre gode ord om Bygdaelva laurdag under X Creek. I fjor var vassføringa litt lita med 2.5 kubikkmeter så det skrapa i berget stadig. I år var det meir enn dobbelt så mykje vatn og glimrande forhold sjølv om snøbygene stod tett og laga problem for fotografar.

Og elva fekk skryt av deltakarane som kom frå alle deler av landet og talde totalt 24 padlarar. På startlista fann vi fleire damer, og mange langvegsfarande, som frå Costa Rica, Frankrike, Canada, England og Skottland.

Erika Yasmin Sprunck kom frå Lillehammer for å delta i X Creek.

Erika Yasmin Sprunck kom frå Lillehammer. Ho hadde teke den lange turen over «fjellet» for å delta under X Creek i Bygdaelva, men forsikra at ho hadde vinterdekka på bilen enno. Å delta i kajakkonkurransar var artig og Bygdaelva var både spanande og artig å padle i, ein sport ho hadde øvd seg på i Trysil. Og det var berre for moro ho deltok. Å fylle opp eit skap med premiar var ikkje målet, sa ho.

Jørgen Røset (17) og Helge Kvam Karbø mot mål.

Også Voss folkehøgskule var representert med Helge Kvam Karbø, lokal utøvar av ekstremsport, og lærar Jørgen Røset. Begge tok turen ned gjennom fossestryka medan ni andre elevar frå klassa «Ekstremsport elv» såg på. I alle fall så lenge vi var der.

Og medan dei 24 deltakarane boltra seg i det våte element, lava snøen ned. Det skulle padlast to omgongar og best tid samanlagt vart vinnar av X Creek og flotte beger. I tillegg skulle det delast ut fleire pengepremiar.

Fillip Knorr
Torbjørn Nordeide (grøn jakke), var ein av dei ansvarlege for avviklinga av X Creek

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380