Notiser

GP Pedersen og Asgeir Berg til Hellesylt

Onsdag i påskeveka blir det viser, show og dans med Gunnar GP Pedersen t.v. og Asgeir Berg på Peer Gynt galleriet,

To musikarar og moromenn, Gunnar GP Pedersen og Asgeir Berg inntek Peer Gynt galleriet i påskeveka. Onsdag kveld blir det show og konsert med «BEST-fra VEST-fra».

Fastbuande og heimvende påskegjestar på Hellesylt kan glede seg til musikalske gobitar og morohistorier på Peer Gynt galleriet onsdag i påskeveka. Dit kjem Gunnar GP Pedersen og Asgeir Berg, to glade trubadurar fulle av viser og historier, det meste frå Vestlandskulturen.

Gjennom eit samarbeid mellom dei to i fleire år har det blitt møte med publikum både i radio, på pubar og restaurantar til kulturhus og kjøpesenter. Der har dei servert underhaldning, show eller konsertar frå «BEST-fra VEST-fra» og songar av Johannes Kleppevik, Ivar Medås, Jakob Sande, Arne Bendiksen, Teddy Nelson og fleire.

Gunnar GP og Asgeir Berg spelar også til dans på Peer Gynt galleriet onsdag 12. april så då blir det høve til svingom, både ein og fleire.

Peer Gynt galleriet opnar dørene kl. 18.30. Frå kl. 19.30 er det påskequiz med påmelding til Arild Ringdal på SMS 906 82 399. Show og dans frå kl. 22.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380