Gratiskonsert med artisten Øystein Eckhoff

Artisten Øystein Eckhoff er opphaveleg frå Syvde i Vanylven, men har budd mykje i Volda.
Eckhoff har jobba i kulturskule og spela fleire instrument, men som artist vart det gitaren. Den har han med når han held gratiskonsert ved Helset i Sunnylvsbygda fredag kveld.
Les meir om artisten her:
«Øystein Eckhoff har vore musikar på heiltid i ei årrekkje, med store delar av Vestlandet som arbeidsplass. Denne sunnmøringen har eit breidt repertoar av populærmusikk som strekkjer seg frå 50-talsrock til moderne hits, i tilllegg til eingenkomponerte låtar. Med stødig hand losar han deg gjennom dei forskjellige tidsepokane med songar du kan syngje med på, danse til, eller rett og slett berre slappe av og lytte til. Alt levert med leiken musikalitet, lun humor og glimt i auget!»
Foto: Tone Molnes.