Greinalaust og godt jubileum

Pynta med festpryd på hovudet song alle med i avslutning av 40.årsjubileet for grendakveldar i Sunnylven.

Ein fullsett samfunnshus song med i avslutningssongen under Grendakvelden til Hellesylt Ungdomslag. «Sjøarane» var i storslag og leverte jubileumsmeny som fall i smak.

«Sjøarane» var vertskap for programmet under den 40. grendakvelden i Sunnylven laurdag kveld. Rundt 240 personar var på plass i storsalen i bygda då kveldens «kjøgemeistar», Leif Egil Åsen opna det to timar lange programmet i skjemtande ordelag. Deretter gjekk det slag i slag med velskrivne songar, sketsjar, telegram og helsingar, og flotte musikalske innslag frå husorkesteret Fossedur. Også tre attersyn frå tidlegare grendakveldar vart presentert på lerret og vekte gode minner og humor i salen.

Hellesylt.info kjem med mykje meir frå 40-års jubileet seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380