Har laga premiar til X2 Festivalen

Martin Janssen med nokre av premiane han gjev vekk til deltakarar i X2 Festivalen.

Det nærmar seg årets X2 Festival på Helset og i Sunnylven. Deltakarpremiane frå lokal designar er klare.

Martin Janssen har sin eige kunstnarverkstad i det som tidlegare var eit fjøsrom. Der produserer han gjenstandar til bruk og stas. Garden til Margretha og Martin ligg nesten midt i landingsområdet for deltakarane i både XBase, Speedflying og fallskjermhopping. Som i alle år har Martin også denne gongen laga minnepremiar av ulike treslag. Eit 30-talls større gjenstandar har blitt til gjennom vinteren, i tillegg til fleire mindre.

Dreiar i tre

Martin, opphaveleg frå Nederland, men god som nokon nordmann etter over 30 år på Helset, fyller opp og viser fram det dei beste ekstremsportdeltakarar kan få med heim. Det blir eit stort bord med premiar, dreia i ulike variantar. Her står bollar, telysstakar og fuglefigurar laga av selje, gran, furu, ask, av ein 150 år gamal rogn eller kanadisk eik. Og han viser fram ein gjenstand som er laga av plankar på startrampa som var bygd på Helsetkopen under Jetman-prosjektet i august i fjor.

Birdmanfarm

Mange deltakarar kjem til X2 Festivalen. I huset hos Margretha og Martin skal det bu både ein russisk, ein dansk og ein norsk familie. Det blir fullt på Birdmanfarmen, eit namn Martin gjerne brukar etter som han har plassert ut fleire ti-talls fuglekassert i nærleiken og dekorert husveggar med kustferdige måleri.

Også fleire deltakarar får plassert bubilar, campingvogner og telt i nærleiken av tunet. Mellom anna kjem det eit 20-talls elevar frå friluftslinja ved Voss folkehøgskule.

Påbygg

Etter som friluftsaktivitetar i området ser ut til å auke er det behov for eit sanitæranlegg til våningshuset. Det blir ein realitet før helga med Hellesyltdagar og World Base Race frå Helsetkopen 7. til 9. juli, fortel Martin Janssen. -Eit lokalt byggefirma har lova å få det ferdig til då, og eg likar å få unna ting eg bestemmer med for, seier han. Litt flirfull skjemtar han med at når han seier eksempelvis veka etter påske så er det i år og ikkje neste år. Det skal byggjast toalett og vaskerom og i høgda over blir det rom for overnatting.

Gjev vekk premiar

Det blir mykje trafikk hos eigarane av Birdmanfarm, eller Jetmanfarm som også vart namnet etter veka med det spesielle Jetman-prosjektet, også omtala på hellesylt.info i august i 2016.

Martin Janssen har ikkje blitt rik på produksjon av premiar og anna gjestfriheit. –Alle premiar har eg frå 2005 gjeve vekk gratis, både for å skape aktivitet og for å glede andre. Det har også eg hatt glede av, seier Martin Janssen.

Også pingvinfigurar er på premiebordet. Legg merke til perlekjede og anna dei er pynta med som er ungdomssmykker han har fått til bruk av kona Margretha.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380