Lokalnytt

Hotelleigar og skipssjef i sjøforsvaret

Iris Fivelstad tek over som øverste skipssjef på fregatten KNM Otto Sverdrup frå januar 2018.

For 20 år sidan stod valget for Iris Fivelstad å satse på utdanning som kaptein på ein cruisebåt eller skipssjef i marinen. Jobben frå januar er skipssjef på KNM Otto Sverdrup.

 

Iris Fivelstad starta på befalsskulen i forsvaret i 1997. Ein gong i framtida såg ho sitt mål om å bli sjef på eit av forsvarets fartøy, og no har målet gått i oppfylling. Frå januar 2018 blir ho kaptein, eller skipssjef som det heiter i sjøforsvaret på fregatten i Kongelag Norsk Marine (KNM) Otto Sverdrup.

Utdanning med løn

Vi spør korleis ei jente frå Nibbedalen i Sunnylven kan bli hekta på jobb og sjølivet om bord i ein båt og i tillegg hamne på ein av forsvarets fregattar.

–Eg såg på båtane frå kaia på Hellesylt og vaks opp med cruisetrafikk. Eg brukte å følgje mor mi til Hellesylt når ho skulle guide frå cruisebåtar, og seinare vart eg sjølv cruiseguide. Deretter vart det jobb som resepsjonist ombord i cruisebåt. Når eg seinare i livet skulle velje retning i utdanninga stod det mellom å satse på å bli kaptein på cruisebåt eller i sjøforsvaret. For ein ekte sunnmøring var løn under utdanninga på sjøkrigsskulen avgjerande, og i tillegg var eg eigar av eit hotell og eit stort oppussing, skjemtar den nyutnemde skipssjefen.

Kjent fartøy

Ho var ein av fire som søkte på to jobbar. -Eg var helding og vart tilsett. Det blir kjekt, det er den ultimate jobben, for det å få segle sin eigen båt er eit høgdepunkt, seier alle. Og når du kan jobben så kan du den, seier Iris Fivelstad.

Livet om bord i forsvarets fartøy kjenner ho godt frå før. Ho har hatt jobbar om bord i u-båt og til saman sju år på fregattane KNM Fridtjof Nansen, Roald Amundsen og Helge Ingstad. Akkurat no er virkefeltet på land ved Marinens maritime krigføringssenter ved Haakonsvern i Bergen. Frå januar er det ut på havet igjen som øverste sjef på KNM Otto Sverdrup, ein av forsvarets fem fregattar, kvar verd 5.0 milliardar kroner. Der har ho med seg eit leiarteam, men blir sjef for 130 personar om bord, men som ved behov kan bli heile 170. Kvar oppdraga går frå januar av veit ho enno ikkje.

Naturskapte magnetar

-Framleis er Hellesylt og Nibbedalen i Sunnylven heimegrenda. Eg skal pendle til og frå den «rådyre» hybelen om bord på ein fregatt til hotellet på Haugen i Nibbedalen. Eg får dobbelt opp av det eg likar å jobbe med, for eg har sagt ja takk til begge deler.

Iris Fivelstad er eigar av Villa Norangdal, men har tilsette som driv hotellet i dei månadane det er ope. Det vesle hotellet med seks rom like ved inngangen til naturskjønne Norangsdalen fekk Olavsrosa i 2010 og Optimistprisen i 2015. Turisthotellet med sitt serpreg og med naturskapte «magnetar» rundt på alle kantar vart teke i bruk igjen i 2003.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380