Inga løysing for kunstsenteret

På ekstraordinær generalforsamling trekte styret forslaget om fullmakta til å innlevere begjæring om oppbud for Peer Gynt Galleriet AS.
Knapt 30 akjonærar med 1910 aksjar bak seg møtte på ekstraordinær generalforsamling i Peer Gynt Galleriet måndag kveld.
Styreleiar Dag Stadheim orienterte forsamlinga om den økonomiske situasjonen i selskapet og kva «medisin» han såg som kunne hjelpe. Bankbehaldninga til selskapet er liten og med faste driftskostnader vil beløpet vere brukt opp innan kort tid. Det må skjerast i driftskostnader og tilførast ny kapital, var den klare meldinga frå styret.
Det har blitt forhandla om samarbeid med Verdsarvstiftinga i Geiranger, Made in Fjord og Peer Gynt Gålå. sa Dag Stadheim. Han trudde at spesielt samarbeid med Verdsarvstiftinga ville vere svært positivt for Peer Gynt Galleriet. Men desse avtalane ville gje inntekter av betydning fyrst i 2018, så utfordringa var å berge selskapet over inneverande sesong.
Løysingar på den vanskelege økonomiske situasjonen som kunstsenteret med Peer Gynt-relieff er i kom ikkje fram på generalforsamlinga. Ønskje om at det skal overleve var likevel tydeleg, for fleire av dei frammøtte hadde tankar om tiltak dei trudde ville gje auka omsetning.
Ut frå eit klart positivt ønske om at Peer Gynt Galleriet måtte leve vidare vart det utsett frist for å innlevere selskapet til tingretten. Styret ville jobba vidare med å få tilført nødvendig frisk kapital, men det hastar, sa Dag Stadheim og signaliserte to, tre veker til.