Lokalnytt

Konsert i kyrkja med kulturskulen

Bandet som øvde på salmen «Ingen kan nå fram til den evige fred», frå venstre Bertine, Maria, Mats, Knut Iver, Loke og Kasper.

Stranda kulturskule og Sunnylven sokneråd inviterer til konsert i Sunnylven kyrkje fredag kveld. Aktørar er elevar frå Hellesylt og Sunnylven, totalt rundt 30 jenter og gutar, fortel musikklærar i kulturskulen Erik Torset.

Alderen på musikkelevane varierer frå 4-5. klasse til 10.klasse. Under konserten blir det musikk både frå band, i grupper og soloinnslag. Og publikum får høyre dei spele på fleire instrument, som gitar, perkusjon, fiolin, piano og kyrkjeorgelet.

Elevane har også øvd på og vil framføre to salmar. Ein av dei fekk vi høyre under øving tysdag, tre dagar før konserten. I det store kyrkjerommet med forsterkarar og godt lydutstyr vart den gamle salmen , «Ingen kan nå fram til den evige fred», eit innslag som avgjort mange bør møte fram og høyre. Ei flott oppleving.

Erik Torset håper eit talrikt publikum kjem til konserten som er fredag 28. april klokka 19.30 og varer om lag ein time. Det er gratis inngang og gratis utgang!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380