Krisesamling i Peer Gynt Galleriet AS.

Peer Gynt Galleriet AS på Hellesylt vart opna i 2002. Det vart reist for å huse kunstnaren Oddvin Parr sine 11 store trerelieff med motiv frå Peer Gynt. Etter femten år kan det vere kroken på døra for galleriet om ikkje frisk kapital blir tilført. (Foto frå arkivet)

I dag måndag 24. april er det kalla inn til eksraordinær generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS. Ein kritisk vanskeleg økonomisk situasjon er årsak til møtet.

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt kan bli stengt i år. Selskapet er kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon og styret kan ikkje pådra selskapet verken inngå avtalar eller pådra selskapet forpliktelsar av betydning, står å lese i innkallinga til den ekstraordinære årssamlinga.

Framfor årets sesong har det blitt jobba med fleire «redningsaksjonar» for selskapet, men alle har til no stranda utan resultat. Difor blir det kalla inn til ekstra generalforsamling for å informere aksjonærane om situasjonen. Det kan ende med at det går til oppbud for Peer Gynt Galleriet AS på Hellesylt.

I innkallinga heiter det at styret ikkje er innstilt på å gå for ei løysing som ikkje gjev drift av galleriet ei varig løysing. Fleire frivillinge sal av relieff for å gje inntekter har liten hensikt. Det vil berre gje livreddande hjelp i ein kort periode før same økonomiske utfordring oppstår, skriv styret.

Eit oppbud inneber at selskapet sine aktiva som no er fem relieff blir selde. Då er det ingen ting igjen av Peer Gynt Galleriet på Hellesylt, heiter det. Møtet er i Peer Gynt Galleriet, Hellesylt i dag måndag 24. april kl. 18.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380