Lagsmeisterskap i feltskyting

Trygve Aaland Tryggestad, lagsmeister i feltskyting. (Foto frå arkivet)

Sunnylven skyttarlag har arrangert lagsmeisterskap for senior i felt. Trygve Aaland Tryggestad vart lagsmeister føre Kjell Oddvar Frøysa og Nils Olav Frøysa.

Dette var siste gong 200 meter-standplassen var i bruk. No venter riving og mykje dugnadsarbeid på laget framover. -Vi blir  glade for alle som møter opp og hjelper oss med  dugnad, skriv Sunnylven skyttarlag.

I løpet av våren/sommaren startar Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag opp byggearbeid med nytt overbygg for 200-metershaldet, og klubbhus med kjøkken, sanitæranlegg, møterom og opphaldsrom i Hyttehola.

Resultat:

Grovfelt 30-skudd kl. 1:

  1. Kirsti Frøysadal Hauge 29 /16

Grovfelt 30-skudd kl. JEG

  1. Alf Ole Sundgot 24 / 09
  2. Hanne Kvamme 11 / 02
  3. Andrea Dalberg 04 / 01

Grovfelt Meisterskap kl. 3. – 5.

  1. Trygve Aaland Tryggestad 41 / 02
  2. Kjell Oddvar Frøysa 40 / 09
  3. Nils Olav Frøysa 39 / 07
  4. Dag Andre Hauge 38 / 07
  5. Knut Jon Frøysa
  6. Ivar Fivelstad

Deler av standplassbygget i Hyttehola skal no rivast og erstattast med eit nytt bygg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380