Lions Club med tulipanaksjon
Laurdag hadde organisasjonen Lions Club sin årlege, landsomfattande tulipanaksjon. Også på Hellesylt gjekk tulipansalet godt.
Lions landsomfattande tulipanaksjon var i år 29. april. Salet og innsamlinga går til inntekt for forebyggjande arbeid mellom born og unge. Mottoet for aksjonen i år var; «Det er betre å bygge born enn å reparere vaksne».
Lions Club Hellesylt hadde stand i Hellesylt sentrum laurdag og salet av tulipanar gjekk godt. Klubben hadde 50 bukettar med åtte tulipanar i kvar, og etter eit par timar var nesten alle dei 400 tulipanane selde.
Lions Club Hellesylt vart skipa 5. mars 1979. I tillegg til nasjonalt og internasjonalt samarbeid har klubben engasjert seg i løysing av fleire lokale oppgåver opp gjennom åra. I 2017 er Jostein Hole president i Lions Club Hellesylt.