Lokalnytt

Mange tonn grovavfall

Det kom mange og til dels fullasta hengarar til kaia på Hellesylt med grovavfall også i år.

Renovasjonsselskapet Årim og Stranda Gjenvinning & Transport kom til Sunnylven også i år for å ta mot grovavfall og miljøfårleg avfall. Mange nytta seg av tilbodet der leveringa starta presis klokka 12.00. Då hadde dei fyrste med «ruskelass» venta i over ein time.

Som tidlegare år strøymde det på med både elektriske og elektroniske artiklar, metall og anna grovavfall. Leveransane og ting denne ryddedagen ser ut til å vere ei utømeleg kjelde.

Arnstein Sve i SGT meinte å registrere enno større leveransar i starten i år enn i fjor. Då kom det inn rundt 40 tonn grovavfall. Truleg vart det eit liknande resultat denne gongen, for i tillegg til innsamlinga på Hellesylt har SGT plassert ut konteinarar hos bønder og som har fylt opp med metallavfall.

Avfallet som blir samla inn blir resirkulert, mellom anna blir metall smelta og nytta om igjen i nye produkt, fortalde Dag Henrik Berli og Hans Skrede, begge tilsett i Stranda Gjenvinning & Transport. Dei to og fleire frå dei to renovasjonsselskapa var i jobb på Hellesylt onsdag i samband med innsamlinga. Ei flott ordning som blir godt motteke mellom sunnylvingar, og som alle håper vil halde fram.

Mykje elektronisk, fleire FM-radioar fekk si siste reis onsdag.
Dag Henrik Berli t.v. og Hans Skrede, begge frå SGT tok mot og sorterte. Her ved mange elektriske artiklar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380