Nye fotballdrakter til alle laga

Det vart delt ut heilt nye drakter til alle spelarar på åtte lag i Sunnylven Fotball under Kick-Off måndag.

Andre påskedag hadde Sunnylven IL Fotball kick-off på Hellesylt stadion med utdeling av drakter og anna fotballutstyr til åtte aldersbestemte lag.

Under Kick-Off andre påskedag fekk alle spelarar på aldersbestemte lag i Sunnylven IL, totalt 70 jenter og gutar utdelt heilt nye speledrakter, kjøpt og betalt av Sparebanken Møre. Også to nye 3-ar baner var rigga på stadion og som SBM hadde bidrege til innkjøp av. Populære «ballbingar» for dei yngste etter det vi kunne sjå. Ei av banene blir rigga permanent på høveleg stad på stadion fekk vi opplyst.

Når det gjeld trenarar og oppmenn er alt på stell framfor årets sesong i Sunnylven IL Fotball. Det siste som kom på plass var trenar for J16-laget. Den jobben tok Hans Hole, og oppmann er Jorun Trøen, fortel Åse Støverstein Ringdal. Ho er styremedlem i fotballgruppa i Sunnylven IL der det framleis manglar leiar. Men det blir jobba med å få også det på plass.

I alle høve er alt klart til seriestart for dei åtte aldersbestemte laga der seriespelet blir sparka i gong på Hellesylt stadion av J12 som møter VanKam/Åram 22. april. G12 spelar borte mot Valldal 24. april, og heime mot Blindheim Blå 1. mai. G16 møter Hødd 3. 29. april og J16 tek turen til Valder/Vigra 24. april.

I tillegg til åtte aldersbestemte laga blir det samarbeidslag med Stranda IL i damer, eit lag som spelar 9-ar fotball i 4. divisjon i år. Laget opnar på Stranda stadion mot Hareid 21. april. På Hellesylt stadion blir det kampar mot Hødd rekrutt 4. mai og mot Bergsøy 25. mai.

Herrelag senior har Sunnylven IL ikkje denne sesongen heller.

Her er laga med trenarar og oppmenn:

J08.05 (9 spelarar) Trenarar: Hanne Kvamme / Gunn Elise Gjeldsvik. Oppmann: Lillian Aasheim

G08.05 (8 spelarar) Trenarar: Ole Arnstein Ringdal / Arild Hole. Oppmann: Oleanne Sjåstad

J10.05 (6 spelarar) Trenar: Knut Dag Langeland. Oppmann: Nanna Muldsvor

G10.05 (5 spelarar) Trenarar / oppmenn: Rita R. Røyrhus / Lisbeth Lervik.

J12.07 (8 spelarar) Trenarar: Madelen S. F. Hauge /Olene Lade. Oppmann: Geir Frøysa

G12.07 (8 spelarar) Trenar: Ottar Frøysa Hellebostad. Oppmann: Ann Kristin Wollsæter

J16.09 (15 spelarar) Trenar: Hans Hole. Oppmann: Jorun Trøen

G16.09 (11 spelarar) Trenarar: Jostein Ringdal / Åse Støverstein Ringdal / Kirsti Frøysadal Hauge. Oppmann: Rolf Fivelstad.

To nye 3-ar baner på ca. 10.0 gange 15.0 meter var populær myldreplass mellom unge fotballsparkarar

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380