Ølkveld med Geirangerøl

Frank Maråk t.v. og Stian Peter Merok kom frå Geiranger for å presentere fleire typer Geirangerøl på ølsmakarkveld på Hellesylt Boutique & Bar skjærtorsdag. Til høgre på biletet serverer Ellen Fivelstad av dei gode smakane.

Turistbygda Geiranger har sitt eige bryggeri. Skjærtorsdag var det ølsmaking på Hellesylt der to av eigarane presenterte fleire av gosakene.

Hellesylt Boutique & Bar inviterte til ølsmakarkveld på skjærtorsdag. I tillegg til å vere Hellesylt sin møteplass for kaffielskarar, var lokala denne kvelden treffstad for alle som likar godt øl. Og godt øl fekk heile 60 frammøtte smake, produsert i nabobygda Geiranger. Der i frå kom to av eigarane i Geiranger bryggeri, Frank Maråk og Stian Peter Merok med smaksprøver på alle sortane dei produserer i dag.

Øltypane

Geiranger Bryggeri starta opp i november 2014 og med produksjon av tre sortar øl. Før jul i fjor kom to nye typar til. Alle øltypane har namn frå verdsarvbygda, eller hendingar og personar der.

Dei tre fyrste sortane var; Friaren pilsner, med namn etter elva som renn i Geirangerfjorden frå Skagedalen, inneheld 4.7 %, eit øl av tysk/tjekkisk type, Vikingstøa Pale Ale har også 4.7 % alkohol, amerikansk type med humle frå USA og N. Zealand, og Bølgen IPA, 7.0 %, kraftig humlesmak av humle frå USA og N. Zealand.

I november 2016 vart ølsortementet utvida med to nye typer, Sølfest Brown Ale, 4.7 %, engelsk type, og Helvetesjølet Qvadrupel 10.0 %, eit Belgisk sterkt og mørkt øl.

Investert

Geiranger Bryggeri er eit AS og skipa av fem personar i 2014. -Turistbygda må då ha sitt eige bryggeri, seier Frank Maråk og det er vi gjerne samde i. Dei held til i leigde lokale og frå starten og til no har det blitt investert rundt 2.5 mill. kroner i utbetring av bygning og innkjøp av utstyr. Foretaket er 1.5 årsverk og i fjor vart det selt 33.000 liter øl. Kapasiteten på utstyret er på 100.000 liter, fortel Frank Maråk.

God stemning

For å få økonomi i drifta er ein avhengig av salet, men å kome inn på marknaden for eit nytt bryggeri er ikkje berre lett. Difor har dei vore på presentasjonsrundar både på austlandet og i Møre og Romsdal, og nye turar som ølsmakarkvelden på Hellesylt er under planlegging. Og etter stemninga i lokala til Hellesylt Boutique & Bar skjærtorsdag var det gode varer Geiranger bryggeri leverer. Ølet blir selt på 0.33 l. flasker med etikett som er designa av Tobias Janius frå Stokholm.

Nye øltypar

Å lage godt øl krev gode råvarer og kunnskap så «bryggjarane» kursar seg. Og Geiranger Bryggeri har planar klare for nye øltyper. I 2017 vil det kome tre nye i serien Dei Sju Systre der mellom anna humletilsetning vil variere og skilje sortane på smak, fortel Maråk.

Ellen Fivelstad ved kaffibaren på Hellesylt var godt nøgd med frammøtet og ølsmakarkvelden. Ho lova nye kveldar med ølsmaking seinare, for ikkje alle fastbuande og andre tilreisande var innom denne kvelden. Dei skal få sjansen seinare, sa ho.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380