Lokalnytt

Rådmannen tilrår at Sunnylven skule framleis vert 1. – 10. skule

Kommunalsjef oppvekst Tone Lillebø, rådmann Åse Elin Hole, ordførar Jan Ove Tryggestad og rektor ved Sunnylven skule Torje Hole Bjørneseth.

Etter ein lang og omfattande prosess nærmar saka om skulestrukturen i kommunen seg politisk handsaming. Rådmannen tilrår no at Sunnylven skule får halde fram som ein 1.- 10. skule og at skulebygget vert renovert i tråd med investeringsplanen.

I si innstilling peikar rådmannen på at Sunnylven skule vil få ein nedgang i elevtalet, men at der vil vere nok elevar til å halde oppe eit fagleg og sosialt miljø for elevane. Rådmannen ser det og slik at belastninga ved lang reiseveg er større en vinsten elevane kan få ved å vere i eit større læremiljø.

Bekymringa vil nok vere om ein i framtida greier skaffe nok  lærarar med nødvendig fagkompetanse.
– Utlyste stillingar i år viser at det er ein auke i kvalifiserte søkjarar samanlikna med dei siste åra, skriv rådmannen, som og drøftar nokre konsekvensar ei nedlegging av ungdomssteget ved Sunnylven skule kunne få.

Skulebygget i Sunnylven må no renoverast for at ein i framtida skal drive skule der. Midlar til oppstart av dette arbeidet er sett av i investeringsplanen i 2018.

Ei breitt samansett arbeidsgruppe ved Sunnylven skule la fram ein grundig og god argumentasjon for at Sunnylven skule burde halde fram som no. Eit imponerande godt besøkt folkemøte slutta seg unisont til dette.

Les heile høyringsdokumentet på Stranda kommune sine nettsider.