Ryddedag i Sunnylven

 

Dag Henrik Berli, SGT til venstre og Øystein Solevåg frå Årim tok mot 40 tonn grovavfall frå Sunnylven i fjor.

Onsdag 26. april er den store ryddedagen i Sunnylven. Då kjem Årim i samarbeid med Stranda Gjenvinning & transport for å hente tonnevis med grovavfall.

I fleire år har renovasjonsselskapet Årim i samarbeid med Stranda G&T teke mot grovavfall som blir levert på Hellesylt. I morgen onsdag er årets ryddedag. Mellom kl. 12.00 og 18.00 kan det aller meste av fårleg miljøavfall / grovavfall leverast mot å vise fram tilsendt miljøstasjonskort.

Dette er noko av det som kan leverast:

Elektrisk og elektronisk avfall,

fårleg avfall (målingsrestar, kjemikaliar, batteri o.l.),

metall,

bildekk med og utan felg,

trevirke (mindre kapp),

utrangerte møblar og madrasser,

kjøkken og baderomsinnredningar,

syklar og anna sportsutstyr,

større mengder papp,

isolasjon og isopor,

interiørartiklar, vindauge.

Dette kan du ikkje levere:

Matavfall,

Bygnings –og rivingsavfall

Deler av motorkøyretøy,

Hageavfall,

Landbruksplast,

Asbest og eternitt,

Legemiddel og medisinsk utstyr,

Fyrverkeri.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380