Stor velkomst for prisvinnarane

Her er 6. og 7. klasse med vinnarbeviset. Framme f.v.: Ådne Kjellstadli og Hanne Kjellstad.
Bak frå venstre: Isak Frøysadal Hauge, Adrian Stadheim, Olai Sætreås Kristoffersen, Ida Susann Tronstad, Emil Frøysa, Lone Ringdal, Sofie Kvamme Knutsen, Sverre Martin Røyrhus, Renate Øksvang og Elias Helset.

Det vart stor mottaking for dei unge komponistane frå Sunnylven skule laurdag. Som vinnarar av Veslefrikkprisen 2017 vart dei møtt med flagg, store plakatar med vinnarslagord og eit stort kakebord som fall i smak.

Laurdag kom Veslefrikkomponistane med reisefølge tilbake til Hellesylt. Der vart dei møtt av foreldre, søsken og andre slektningar og kjenningar med flagg og god servering. Ei eventyrleg reise til hovedstaden var over og i bagasjen hadde dei med det synlege beviset på at 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule vann Veslefrikkprisen 2017.

Blir spela frå Oslo rådhus

Komposisjonen dei kalla «Den forlatte byen» og som vart framført saman med Kringkastingsorkesteret i Store Studio begeistra mange. Så flott klang den at den no blir å høyre frå klokkespelet i Oslo rådhus kvar dag klokka 11.00 frå 1. juli og ut august.

Dei 12 elevane og musikklærar ved Stranda kulturskule, Marianne Hafsaas har verkeleg sett vesle Hellesylt og Sunnylven skule på kartet, meinte Jostein Ringdal som var med som reiseleiar saman med Åse Stadheim og Silje Kristin Stadheim. Ringdal fortalde frå turen og dei mange opplevingane. Han var ikkje sikker på om elevane var «landa», om dei heilt var klar over kva dei hadde vore med på.

Rosa musikklæraren

Det var eit eventyr frå start til slutt og som dei måtte dele med musikklæraren sin . Marianne Hafsaas hadde to grupper i Veslefrikk-finalen i år, også 3. og 4. klasse kom til finalen med sin melodi som dei hadde kalla «Jakten på Gullfisken». Også i fjor var klasser frå Sunnylven skule i finalegruppa, så den dyktige musikklæraren har fått fram heile tre musikkverk til Veslefrikkfinalen på to år, Det var det ingen som før hadde greidd, så Marianne hadde ein stor del av æra, meinte Jostein Ringdal, noko alle i samfunnshussalen slutta seg til i applaus.

Jostein Ringdal fortalde frå tre opplevingsrike dagar i Oslo.

Rett melodi vann

Ringdal gjentok fleire gonger at heile turen var ein stor opplevelse, eit profft opplegg frå dei landa på Gardermoen torsdag til dei tok av for heimreis frå same stad laurdag. Med dei fylgde alltid tre personar dit dei skulle, til hotellet, til lydprøver i Store studio, og til Oslo rådhus for å møte «klokkenisten», dama som hadde forma komposisjonen til klokkespelet i rådhuset. Også andre opplevingar vart det tid til, både i Frognerparken, Akershus festning og på Karl Johan.

Det var ingen tvil om at den rette melodien vann, sa Jostein Ringdal. Framføringa saman med eit heilt symfoniorkester var stort. –Det er ikkje noko kvardagskost vi har vore med på, slo han fast.

Kry og litt rørt

Wenche Høgalmen Ringdal er ei av fleire «komponistmødre». Ho vedgjekk at ho var litt kry, og litt rørt. –Når eg sat og høyrde på musikken vart den berre flottare og flottare. At vi hadde vunne har vi visst ei stund så det var litt vanskeleg å halde det hemmeleg slik vi var pålagde. Men eg trur vi greidde det nokon lunde. Vi i foreldregruppa held Marianne (musikklæraren) høgt, ho er flink for no var det tredje finalelaget ho leverte, sa Wenche.

-Så flott

Lærar Kari Hauso Stadheim var også til stades då dei unge komponistane kom heim. Ho gratulerte elevane som ho kjenner frå klasseromma og fortalde korleis elevar og lærarar hadde det på skulen under finalesendinga. – Vi på skulen var stolte, vi sat benka i klasserom for å sjå sendinga og det var så flott. Ikkje berre var det ein flott melodi, men De var så blide og glade og det er ikkje alltid så lett nå ein skal framføre noko og kanskje er litt nervøse.

Eit stort kakebord var del av velkomsten som elevane fekk vel heime frå Oslo.

Her er beviset på at Sunnylven skule har vinnarane av Veslefrikkprisen 2017.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380