Lokalnytt

Sunnylven pensjonistlag med bingo

-Bingo var spanande og kjekt når dei rette tala kjem.

Det seier Jan Erik Øksvang som var ein av rundt 40 pensjonistar som hadde treff med bingo på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag 1. april. Ingen aprilspøk, men ein spanande konkurranse om rette tal og flotte bingogevinstar, seier han som var heldig vinnar to gonger. Det vart både brødkniv og eit stort påskeegg med godteri å ta med heim.

Jan Erik er også fornøgd med dei to som sveiva fram og las opp bingotala, og ikkje minst varmretten som vart servert. Lapskausen var av det beste han hadde smaka nokon gong.

Bingoen til Sunnylven pensjonistlag 1. april var eit flott tiltak godt leia av Astrid og med innslag av Olav Elling Gausdal og Bjarne Sjåstad som underheldt med song og musikk. Jan Erik vil gjerne ha fleire bingoar, gjerne litt tidlegare på dag. Om han får med seg gevinstar heim er ikkje så viktig, seier han.

Alle foto: Astrid Langeland

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380