Sunnylven skule vann Veslefrikkprisen 2017

  • Kringkastingsorkesteret.
  • Programleiar Margrethe Røed.
  • Margrethe Røed og statssekretær Magnus Thue.
  • Statssekretær Magnus Thue les opp grunngjevinga for utdelinga av prisen.
  • Statssekretær Magnus Thue deler ut prisen til 6 og 7 klasse. Ådne Kjellstadli, Hanne Kjellstad og Sverre Martin Røyrhus tok imot på vegne av klassene..
  • Ådne Kjellstadli vert intervjua av programleiar Margrethe Røed.
  • Sverre Martin Røyrhus vert intervjua av programleiar Margrethe Røed.
  • Lone Høgalmen Ringdal.
  • Sverre Martin Røyrhus.
  • KORK saman med 6 og 7 klasse framfører vinnarkomposisjonen.
  • Elevar frå 6 og 7 klasse.
  • KORK og 6 og 7 klasse med dirigent Marianne Hafsaas.
  • Gratulasjon frå KORK på Twitter.

(Alle bilder: skjermdump nrk.no)

Det var elevane i 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule som vann komposisjonskonkurransen Veslefrikkprisen 2017. Komposisjonen vart framført av elevane saman med Kringkastingsorkesteret i Store Studio i Oslo.

Det vart nok ei stor oppleving og ein draumedag rett og slett for elevar og lærar Marianne Hafsaas, tilsett ved Stranda kulturskule. I den nasjonale musikktevlinga mellom elevar frå 1. til 7. klasse gjekk Sunnylven skule heilt til topps og vann Veslefrikkprisen 2017.

I grunngjevinga frå juryen som vart lese opp av prisutdelar, statssekretær Magnus Thue vart det mellom anna sagt at elevane hadde skapt ein komposisjon, flott samansett til kreativt samspel som klang godt.

Og klang godt gjorde det saman med Krigkastingsorkesteret. Det var nesten rørande å sjå og høyre, oppleve at ein liten skule i ei lita bygd gjekk heilt til topps i ein konkurranse mellom 1912 elevar frå heile Norge. Vi sluttar oss til dei mange som gratulerer så mykje.

I ei pressemelding frå Stranda kommune, signert ordføraren står å lese;

Stranda kommune gratulerer 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule med tildelinga av årets Veslefrikk-pris 2017.

Årets deltaking var rekordstor og det er difor svært gledeleg at elevane gjekk av med denne høgthengande prisen. Sunnylven skule var også i finalen med 3. og 4. klasse og vidareførte dermed tradisjonen om finaledeltaking frå tidlegare år. Det gode arbeidet i kulturskulen i Stranda kommune gjev stadige positive opplevingar, og våre gratulasjonar går også til alle som bidreg til dette.

Stranda, 21.04.2017

Med vennleg helsing ein stolt ordførar i Stranda kommune

Jan Ove Tryggestad

Du kan sjå heile komposisjonen her: https://www.nrk.no/kork/veslefrikk-2017-1.13306019

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380