Treff på Biblioteket

I kveld tysdag 4. april er det nytt treff på Sunnylven bibliotek med sal av kaffi, kaker og snurrelodd.
Det nærmar seg påske, noko gevinstane i lotteriet på Sunnylven bibliotek ber preg av. I kveld er det siste treffet med sal av kaffi, kaker og snurrelodd denne våren.
Mange har vore innom lokala i kyrkjelydshuset både før jul i fjor og no i vår. Tysdagstreff blir alltid trivelege kveldar med mykje godt prat og spanande trekning av fine gevinstar. Treffet er også ei lita, men viktig inntektskjelde. Ta turen innom biblioteket i kveld, er oppmodinga frå styret.
Sunnylven bibliotek er ope tysdag mellom kl. 16.30 – 18.30, og torsdag kl. 09.00 – 11.00. Sjå meir om Sunnylven bibliotek under «Lag og organisasjonar».